Balutsjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Balutsjar eller balutsjarar (balutsji بلوچ) er ei folkegruppe frå Balutsjistan i Pakistan, Iran og Afghanistan. Hovudspråket til balutsjar er balutsji, eit indoiransk språk i slekt med farsi.

Dei fleste balutsjar, rundt 70 %, bur i Pakistan, der dei utgjer ei marginalisert minoritetsgruppe. Sidan 1970-talet har væpna grupper kjempa for sjølvstende for Balutsjistan frå Pakistan.

Islam er den største religionen blant balutsjar, og dei flest er sunniar i hanafiretninga. Rundt ein halv million eller meir er zikriar. Dei rekner Nur Pak som ein etterfølgjar til profeten Muhammed, og er derfor sett på som kjettarar av andre muslimar. Dette har ført til forfølgingar av dei sidan 1400-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]