Barguzin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barguzin
elv
Barguzin ved Bajkalsjøen
Land  Russland
Nedslagsfelt 21 100 km²
Lengd 480 km
Middelvassføring 130 /s
Kjelde Ikatskijfjellet
Munning Bajkalsjøen
Kart
Barguzin
53°25′30″ N 108°59′49″ E
Wikimedia Commons: Barguzin River

Barguzin (russisk Баргузин; burjatisk Баргажан, Bargažan) er ei elv i Burjatia i Russland med ei lengd på 480 km og munnar ut i Barugzinbukta i Bajkalsjøen, den største bukta i denne innsjøen.

Barguzin er den tredje største elva som munnar ut i Bajkalsjøen i form av vassføring etter Selenga og Øvre Angara. Ho har eit nedslagsfelt på 21 100 km² og er framkommeleg for skipsfart dei nedste 204 kilometrane.

Dei største sideelvane hennar er Gagra, Argada, Ina og Uljun.

Barguzindalen[endre | endre wikiteksten]

Den midtre delen av Barguzin renn gjennom Barguzindalen, som er 200 km lang og opp til 35 km brei. Han går mellom Barguzinfjella i nordvest og Ikatfjella i søraust. Elva svingar seg gjennom dalen og det ligg restar av gamle elvefar og myrlendte kanalar som dannar meir enn 1000 små vatn. Her ligg òg Dzjerga naturreservat med eit areal på 2387 km².

Barguzinvinden[endre | endre wikiteksten]

Elva har òg gjeve namn til den vedvarande, sterke nordvestlege Barugzinvinden i Bajkalsjøen. Lufta strøymer ut over Bajkalsjøen frå Barguzindalen og bles tvers over innsjøen. Vinden bles hovudsakleg medan sola er oppe, vanlegvis på solrike dagar. I Barugzinbukta kan vinden stundom komme opp i orkan styrke, men vanlegvis er vinden svakare enn 20 m/s (sterk kuling).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]