Øvre Angara
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Øvre Angara | ||
| Utspring | Bajkal-Vatimskij-vasskiljet | |
| - Høgd | 2000 moh | |
| Munning | Bajkalsjøen | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 452 km | |
| Middelvassføring | 265 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 21 400 km² | |
Øvre Angara (russisk Верхняя Ангара - Verkhnjaja Angara) er ei elv i Burjatia i Russland og den nest største største elva som munnar ut i Bajkalsjøen.
Elva spring ut om lag 2000 meter over havet mellom Nord-Mujskogo og Deljun-Uranskogo nord for Bajkalsjøen, nær landsbyen Nizjeneangarsk.
Den øvre delen av elva er ei rask fjellelv, men det meste av Øvre Angara renn sakte gjennom myrlendte område. Dei nedre delane av elva kan nyttast til skipsfart.
Dei største sideelvane hennar er Angarakan, Jantsjuj, Tsjuro og Kotera.
I Øvre Angara finn ein aure, harr, lake, vederbuk, gjedde og åbor.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Верхняя Ангара» frå Wikipedia på russisk, den 20. oktober 2008.