Baroni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit baroni er ei subnasjonal eining, ofte av mindre omfang eller betydning enn eit grevskap. Tidlegare var eit baroni eit len, som sto under ein barons overhøgheit. I Danmark vart nemninga lensbaroni nytta, og i motsetting til andre land var baron bare ein ærestitel, medan det var den såkalla lensbaron, som var forlent med eit landområde.

I England var det ikkje naudsynt at eit baroni skullei vere ei samla eining, men kunne godt vere spreidd ut over store område, eksempelvis hadde baroniet til jarlen av Pembroke gods som lå i England, Irland og Normandie.

I Sverige har det bare vore eit baroni, nemleg friherreætta Adelswärds no bolagisert, tidlegare fideikommiss, Adelsnäs i Åtvids socken, Östergötland.

I Noreg har det bare vore eit baroni, baroniet Rosendal i Hardanger.

[endre] Kjelder

[endre] Sjå òg

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk