I Write the Songs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I Write the Songs
Singel av Barry Manilow
frå albumet Tryin' to Get the Feeling
B-side «A Nice Boy Like You»
Utgjeve November 1975
Innspelt 1975
Sjanger Pop
Lengd 3:43
Selskap Arista 0157
Låtskrivar(ar) Bruce Johnston
Produsent Ron Dante
Barry Manilow
Barry Manilow-kronologi
«Could It Be Magic»
(1975)
I Write the Songs «Tryin' to Get the Feeling Again»
(1976)
I Write the Songs
Singel av David Cassidy
frå albumet The Higher They Climb
Utgjeve 1975
Innspelt 1975
Sjanger Pop
Lengd 4:07
Selskap RCA Records
Produsent Bruce Johnston
David Cassidy-kronologi
«Daydreamer»
(1973)
I Write the Songs «Darlin'»
(1975)

«I Write the Songs» er ein popsong skriven av Bruce Johnston i 1975 og gjort kjend av Barry Manilow. Versjonen til Manilow nådde toppen av Billboard Hot 100 i januar 1976[1] etter å ha ligge på toppen av Billboard adult contemporary-lista i desember 1975.[2] Han vann ein Grammy-pris årets song og vart nominert for årets plate i 1977.[2]

Den originale versjonen vart spelt inn av The Captain & Tennille, som arbeidde med Johnston tidleg i 1970-åra i lag med The Beach Boys. Han finst på albumet deira Love Will Keep Us Together frå 1975. Den første utgjevinga av «I Write the Songs» som singel var av tenåringsidolet David Cassidy på albumet hans The Higher They Climb i 1973, som òg vart produsert av Bruce Johnston. Cassidy-versjonen nådde 11. plass på UK Singles Chart i august det året.[3]

Johnston har sagt at for han er eg-personen («I») i songen «Gud»[1] og at songane kjem frå kreativitetsanda som me alle har. Han har sagt at songen ikkje handlar om bandkollegaen i Beach Boys, Brian Wilson.[4]

Manilow var opphavleg motvilling til å spele inn songen, som han sa i sjølvbiografien Sweet Life: «Problemet med songen er at om du lyttar nøye til teksten, vil du tru at songaren syng om seg sjølv. Det kan høyrast ut som ein gigantisk egotripp.»[2] Etter å ha blitt overtydd av Clive Davis, då sjef i Arista Records spelte Manilow inn songen, og versjonen hans vart den første singelen frå albumet Tryin' to Get the Feeling.

Songen er òg blitt spelt av Johnny Mathis, Frank Chacksfield, Mantovani, Ray Conniff, Richard Clayderman, Tom Jones, Dinah Shore, i tillegg til Bruce Johnston sjølv på albumet Going Public i 1977. Frank Sinatra song songen som «I Sing the Songs» frå 1976 (og tok ikkje med linja «and I wrote some rock and roll so you could move»). I 1979 framførte Sammy Davis Jr. songen som ein del av konsertane sine.

Manilow framførte ein parodiduett kalla «I Write the Songs/I Wreck the Songs» med Rosie O'Donnelltalkshowet hennar den 18. april 1997.

Manilow framførte ein forkorta versjon av songen med Stephen Colbert då han var gjest på The Colbert Report[5] on October 30, 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of #1 Hits, 5th Edition (Billboard Publications), page 425.
  2. 2,0 2,1 2,2 Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications), page 177.
  3. UK Singles Chart info Chartstats.com. Retrieved 8 August 2009.
  4. http://www.songfacts.com/detail.php?id=861
  5. http://www.colbertnation.com/the-colbert-report-videos/77577/october-30-2006/manilow----i-write-the-songs--duet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]