Michael Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Jackson
Michael Jackson 1984.jpg
Michael Jackson i 1984
Verkeleg namn Michael Joseph Jackson
Fødd 29. august 1958
Død 25. juni 2009
Instrument Vokal og perkusjon m.m.
Sjanger Pop, rhythm and blues, rock, soul
Aktive år 1967–2009
Yrke Songar, låtskrivar, plateprodusent, arrangør, dansar, koreograf, skodespelar, forfattar, forretningsmann og investor
Tilknytte artistar The Jackson 5
Plateselskap Motown, Epic, Sony
Nettside www.michaeljackson.com

Michael Joseph Jackson (29. august 195825. juni 2009)[1] var ein amerikansk artist, underhaldar og forretningsmann. Han var det sjuande barnet i Jackson-familien og debuterte som profesjonell musikar då han var elleve år, som medlem av The Jackson 5.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I 1971 byrja han solokarrieren sin medan han framleis var med i familiegruppa. Han har vorte referert til som «popkongen», og fem av soloalbuma hans er mellom dei mestseljande platene i verda: Off the Wall (1979), Thriller (1982), Bad (1987), Dangerous (1991) og HIStory (1995).

Tidleg på 1980-talet vart han ein dominerande figur i popmusikken og den fyrste afroamerikanske artisten som samla store tilhengjarskarar frå fleire sjangrar gjennom MTV. Populariteten til musikkvideoane han som vart sende på kanalen, slik som «Beat It», «Billie Jean» og «Thriller», var svært viktig for veksten til den då relativt nystarta kanalen. Det har seinare vorte hevda at Jackson var den som gjorde musikkvideoen om til ei kunstform og eit viktig middel i marknadsføring av musikk generelt. Videoar som «Black or White» og «Scream» gav han popularitet på MTV også vidare utover på 1990-talet. Gjennom sceneopptredenane og musikkvideoane sine, gjorde han fleire fysisk vanskelege danseteknikkar, som til dømes robot og moonwalk, svært populære. Den eigenarta musikk- og songstilen hans har også inspirert seinare hip-hop-, pop- og R&B-artistar.

Moonwalk[endre | endre wikiteksten]

Michael Jackson vart kjend for det spesielle dansetrinnet kalla «moonwalk» på 80-talet. Dansetrinnet gjer ein illusjon av at ein går framover medan ein eigentleg går bakover. Michael Jackson viste trinnet på ei motownsending der han framførde «Billie Jean» den 25. mars 1983.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei liste over studioalbuma til Michael Jackson, og dei respektive salstala deira på verdsbasis.

  • «Got To Be There» (1972)
  • «Ben» (1972)
  • «Music & Me» (1973)
  • «Forever, Michael» (1975)
  • «Off The Wall» (1979) –over 20 millionar selde
  • «Thriller» (1982) –mellom 65 og 110 millionar selde
  • «Bad» (1987) –over 30 millionar selde
  • «Dangerous» (1991) –over 32 millionar selde
  • «HIStory: Past, Present and Future, Book I» (1995) –over 20 millionar selde
  • «Invincible» (2001) –over 13 millionar selde

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Diskografien er henta frå Engelsk Wikipedia om Michael Jackson albums discography (certifications and sales), 5. april 2011.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]