Beauly-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kraftstasjon ved Aigas på elva Beauly

Beauly eller River Beauly (skotsk gælisk Abhainn nam Manach) er ei elv i regionen Highland i Skottland. Ho ligg ca. 15 kilometer vest for Inverness.

Beauly er om lag 25 km lang, og renn ut ved landsbyen Beauly i Beauly Firth, ein sidearm av Moray Firth. Den første brua over elva vart konstruert av Thomas Telford i 1814, om lag ein kilometer sør for landsbyen Beauly. Hovudvegen nordover frå Inverness gjekk over denne brua til Kessock Bridge over Beauly Firth vart opna i 1982. Ei jernbanebru over elva vart bygd i 1860-åra.

Det er fleire demningar og vasskraftverk langs elva.

Den vesle øya Eilean Aigas ligg i elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]