Beauly Firth
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beauly Firth er ein firth eller fjord nord i Skottland. Han er eit framhald av Moray Firth vestover frå Inverness (North Kessock og South Kessock) og innover. Fjorden endar opp der elva Beauly munnar ut. Kessock-ferja har kryssa den austlege, ytste enden sidan 1400-talet.[1] I dag kryssar A9 fjorden over Kessock-brua.
Beauly Firth har fleire namn på skotsk-gælisk som Linne Fharair, Poll an Ròid og Caolas Uisge a' Mhanachainn.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Beauly Firth» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «North Kessock and District History». North Kessock & District Local History Society. http://www.northkessockhistory.com/index.asp?pageid=143475. Henta 12. januar 2010.