Beauly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Beauly

skotsk-gælisk
skotsk
A' Mhanachainn
Beuly
Ruinane av Beauly Priory
Ruinane av Beauly Priory
Plassering
Beauly is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Inverness
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 164
Koordinatar 57°29′″N 4°28′″WKoordinatar: 57°29′″N 4°28′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer IV4
Telefon-retningsnummer 0 1463
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Beauly

Beauly (skotsk-gælisk A' Mhanachainn) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 1000 innbyggjarar. Landsbyen ligg kring 15 kilometer vest for Inverness, og er mest kjent for ruinane av klostret Beauly Priory. Namnet er ei forenkling av Beaulieu.

Beauly ligg der elva Beauly munnar ut i Beauly Firth. Beauly Firth er ein liten fjordarm inst i Moray Firth, vestover frå Inverness. Like nord for Bealy ligg landsbyen Muir of Ord, sør for Beauly ligg Loch Ness.

Klostret i Beauly vart bygd i 1230, og høyrde til valliscauliskordenen, som seinare gjekk inn i Cisterciensarordenen. I likskap med Ardchattan Priory vart Bealy overteke av cisterciensarane i 1510, medan det tredje valliscauliske klostret i Skottland, Pluscarden Abbey, vart drive vidare som ei celle av det benediktinske Dunfermline Abbey. Det er usikkert kven som grunnla klostret, det kan ha vore Aleksander II av Skottland. Klostret vart nedlagt i 1634.

Om lag fem kilometer sør for Beauly ligg Beauly Castle, bygd på 1870-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]