Moray Firth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Morayfirthmap.png

Moray Firth (skotsk-gælisk An Cuan Moireach eller Linne Mhoireibh) er ei firth eller fjord i Nordsjøen nord og aust for Inverness i Highland i Skottland. Han er den største fjorden i Skottland, og strekkjer seg frå Duncansby Head (nær John o' Groats) i Highland i nord til og Fraserburgh i Aberdeenshire i aust til Inverness og Beauly Firth i vest. Tre regionar i Skottland har kystlinje mot Moray Firth. Highland i vest og nord, Moray og Aberdeenshire i sør. Fjorden har meir enn 800 km med kystlinje og det meste av dette er klipper.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fleire elvar munnar ut i Moray Firth, som River Ness, River Findhorn og River Spey. Moray Firth har fleire fjordarmar og bukter som Cromarty Firth og Dornoch Firth. Pentland Firth går austover frå nordenden av Moray Firth.

Moray Firth er i røynda to fjordar, Indre Moray Firth, som tradisjonelt vart kalla Firth of Inverness og Ytre Moray Firth som er meir open mot Nordsjøen. Namnet «Firth of Inverness» vert sjeldan nytta på moderne kart, men strekkjer seg frå Beauly Firth i vest til Chanonry Point i aust.

Moray Firth er synleg frå store avstandar, mellom anna så langt aust som Longman Hill.[1]

The Yankee Channel i Indre Moray Firth, vart grave ut av amerikanske ingeniørar i 1917 for at skip kunne unngå den lange og farlege passasjen rundt nordenden av Skottland og i staden segle til Caledonian Canal. Kanelen gjekk frå Munlochy Bay til Meikle Mee Starboard Hand Mark, men vart ikkje vedlikehalda og vart raskt fylt att.

Bevaring og økonomi[endre | endre wikiteksten]

Moray Firth er ein av dei stadane langs den britiske kysten der det er størt sjanse til å sjå delfinar og kval. Dei mest vanlege artane er tumlar og nise. Stundom kan ein òg sjå vanleg delfin og vågekval. Den beste utkikksstaden på land er Chanonry Point. Det er òg vitjingssenter i Spey Bay og North Kessock driven av Whale and Dolphin Conservation Society, der ein ofte kan sjå delfinar og andre dyr.[2]

Det er òg viktige oljefelt og fiskebankar her. Beatrice-feltet i Ytre Moray Firth er den som ligg nærast av alle oljefelta i Nordsjøen. Det er òg planlagt ein djupvass vindmøllepark her. Mykje av fiskeindustrien er fokusert på usling og sjøkreps.

Indre Moray Firth er erklært eit særskild verneområde for bevaring av dyrelivet her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. C.M. Hogan, 2008
  2. WDCS, 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]