Bekkeblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bekkeblom


Bekkeblom
Bekkeblom

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Ranunculales
Familie: Ranunculaceae
Slekt: Caltha
Art: C. palustris
Vitskapleg namn
Caltha palustris
Caltha palustris

Bekkeblom Caltha palustris L. (óg kalla soleihov) er ei fleirårig urt i soleiefamilien som veks på fuktige plassar over heile Noreg. Han er umiskjenneleg med tjukke, glatte stenglar, og mørkegrøne, glinsande blad. Blomane er gule, og minner om soleie (Ranuculus), men er større. Blomstringstida er frå april til juni. Til fjells, og langt mot nord finst former med krypande, rotslåande stengel, og mindre blomar. Desse vert ofte rekna som ein eigen underart, men det dreier seg truleg om ei tilpassing til klimaet. Planten har vid utbreiing i tempererte, fuktige strøk på den nordlege halvkule. Han vert óg dyrka i hagar. Det finst hageformer med fylte blomar, og med kvite blomar. Planten er giftig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bekkeblom
Bekkeblom ved ein bekk. Bilete: Kjetil Lenes