Ben Nevis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 56°47′49.150″N 5°0′17.222″W
Ben Nevis
Beinn Nibheis
fjell
none  Ben Nevis sett frå Banavie. Toppen ligg bakanfor og til venstre for det som ser ut til å vere det høgste punktet.
Ben Nevis sett frå Banavie. Toppen ligg bakanfor og til venstre for det som ser ut til å vere det høgste punktet.
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia, Flag of Scotland.svg Skottland
Fjellkjede Grampianfjella
høgd 1 344 moh
skardhøgd 1 344 m
koordinatar 56°47′49.150″N 5°0′17.222″W
Lettast tilkomst til fots
Førstestiging av James Robertson
 - dato 17. august 1771

Ben Nevis (skotsk-gælisk: Beinn Nibheis) er det høgste fjellet i Storbritannia og Skottland. Det ligg i den vestlege enden av Grampianfjella i Lochaber-området i Skottland, nær byen Fort William.

Som mange andre fjell i Skottland, er det for den lokale folkesetnaden og turistar best kjent som berre The Ben.[1][2] Det har om lag 100 000 besøkjande kvart år,[3] og rundt tre fjerdedelar av dei[4] nyttar den velhaldne hestestigen frå Glen Nevis på sørsida av fjellet. For fjell- og alpinklatrarar er det dei 700 m høge klippene på nordsida som er tiltrekkjande. Desse er elles nokre av dei høgste klippene i Storbritannia, og har vore mykje brukt til klatring både med og utan tau i ulike vanskegradar, og er ein av dei viktigaste stadene i Storbritannia for isklatring. Denne sida av fjellet er dekt av snø til langt på året.

På toppen (1 344 meter over havet) finn ein ruinane av eit observatorium, som var permanent bemanna frå 1883 til 1904. Dei meteorologiske dataa som vart samla inn i denne perioden er framleis viktige for å forstå vêret i dei skotske fjella. C.T.R. Wilson vart inspirert til å finne opp skykammeret etter å ha arbeidd i observatioriet ein periode.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Ben Nevis er ei anglifisering av det skotsk-gæliske Beinn Nibheis. Beinn er det vanlegaste gæliske ord for «fjell». Nibheis er gjeve fleire tydingar, men vert vanlegvis omsett til «trugande».[5] Ei alternativ tolking er at Beinn Nibheis er avleidd frå beinn-neamh-bhathais, der neamh tyder «himmel»/«skyer» og bathais «toppen av eit mannshovud». Ei litterær tolking vert difor «fjellet med hovudet i skyene»[6], eller «Himmelfjellet»[7].

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Ben Nevis omkransa av skodde

Toppen av Ben Nevis vart fyrst nådd 17. august 1771 av James Robertson, ein botanikar frå Edinburgh som var i området for å samle botaniske prøvar. Ein annan som var tidleg ute, var John Williams, som gav den fyrste oppteikninga av den geologiske strukturen til fjellet, i 1774.[8] John Keats klatra fjellet i 1818 og samanlikna det med å klatre ti St. Paul-katedralar, men utan tilgjengelege trapper.[9] Det var ikkje før i 1847 at Ben Nevis vart stadfesta av styresmaktene som det høgste fjellet i Storbritannia (1344 moh.) og dermed høgre enn det konkurrerande Ben Macdui.

Ben Nevis er eitt av dei tre britiske fjella som er brukt i samband med den nasjonale konkurransen «The Three Peaks Challenge» (Tretoppsutfordringa). Det vert kvart år halde ein konkurranse i å leggje bak seg strekninga frå Fort William til toppen og tilbake igjen. Rekorden er på 1 time og 25 minutt for menn og 1 time og 43 minutt for kvinner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ben Nevis, or the ‘Ben’ as it is fondly known locally» hjå Visit Fort William Ltd.
  2. «Ben Nevis is almost always referred to by climbers as simply The Ben (Ben meaning Mountain)» hjå The Ben Nevis Challenge.
  3. «[http://www.jmt.org/ben-nevis-estate.asp Ben Nevis owned by the John Muir Trust» hjå John Muir Trust.
  4. «Nevis Strategy» hjå The Nevis Working Party.
  5. The High Mountains of Britain and Ireland av Irvine Butterfield (London: Diadem Books, 1986), s. 96.
  6. The Companion Guide to the West Highlands of Scotland av W.H. Murray.
  7. Butterfield, s. 96.
  8. «Ben Nevis Geology» av Suzanne Miller i The Edinburgh Geologist 43: 3–9 (2004).
  9. The Central Highlands, 5. utgåve, av Peter Hodgkiss (Scottish Mountaineering Trust, 1994), s. 117.