Benazir Bhutto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benazir Bhutto
urdu بینظیر بھٹو
Benazir Bhutto.jpg
Statsminister i Pakistan
Regjeringstid 2. desember 1988
6. august 1990
18. juli 1993
5. november 1996
Fødd 21. juni 1953 i Karachi
Død 27. desember 2007 i Rawalpindi
Føregjengar Muhammad Khan Junejo
Moin Qureshi
Gift med Asif Ali Zardari
Born Bilawal
  • Bakhtwar
  • Aseefa

Benazir Bhutto (21. juni 195327. desember 2007) var ein pakistansk politikar og tidlegare statsminister, den første valde regjeringsleiaren i eit muslimsk land etter kolonitida. Ho var statsminister i to periodar, 19881990 og 19931996. Ho blei drepen like etter at ho hadde halde ein tale under valkampen for det pakistanske parlamentsvalet 2008.

Benazir Bhutto var dotter av den avsette og avretta statsministeren Zulfikar Ali Bhutto og parlamentsrepresentanten Begum Nusrat Bhutto. Ho utdanna seg mellom anna ved Radcliffe og Harvard i USA og ved universitetet i Oxford i Storbritannia.

Etter at faren blei avsett i 1975 blei Bhutto sett i husarrest. Ho fekk løyve til å reisa til Storbritannia i 1984, der ho blei eksilleiar for Pakistan People's Party, partiet til den då avretta faren. Etter at militærdiktatoren Muhammad Zia-ul-Haq døydde drog ho tilbake til Pakistan som opposisjonsleiar.

16. november 1988, i det første frie valet på over eit tiår, fekk PPP flest sete i nasjonalforsamlinga. 2. desember blei 35-årige Benazir Bhutto teken i eid — den yngste personen og den første kvinna i ein muslimsk stat i moderne tid.

Bhutto blei avsett i 1993 og igjen i 1996 etter korrupsjonsskuldingar. I 2006 blei ho og mannen etterlyste for korrupsjon av Interpol.[1]

Frå 1999 til 2007 budde Benazir Bhutto i sjølvvalgt eksil i Storbritannia og Dei sameinte arabiske emirata. Hausten 2007 gjorde ho ein avtale med president Pervez Musharraf og kom tilbake til heimlandet den 18. oktober. Triumftoget hennar gjennom Karachi blei utsett for eit bombeåtak som drap over 100 personar, men ho sjølv blei ikkje skadd.[2]

Då Musharraf innførte unntakstilstand i november 2007 protesterte Bhutto, og planla store organiserte protestar mot regjeringa. 9. november 2007 blei ho sett i husarrest, men sleppt fri dagen etterpå.

27. desember 2007 vart Benazir Bhutto drepen då ho kom ut frå eit valmøte i Rawalpindi. Drapsmannen skaut mot henne då ho strekte seg ut av bilen for å vinka til tilhengjarane sine før han utløyste ei bombe som drap han og minst 16 i nærleiken. Bhutto blei frakta til sjukehus der ho seinare døydde. Drapet utløyste folkeuro fleire stader i Pakistan.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]