Bergseminaret

Koordinatar: 59°39′57.625″N 9°38′43.112″E / 59.66600694°N 9.64530889°E / 59.66600694; 9.64530889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°39′57.625″N 9°38′43.112″E / 59.66600694°N 9.64530889°E / 59.66600694; 9.64530889

Bergseminarets bygg restaurert i opphavlege fargar.
Foto: Thomas Bjørndahl
(2010)
Bergseminaret fotografert av Anders Beer Wilse 4. august 1903.

Bergseminaret med fullt namn «Det Kongelige Norske Bergseminarium» var Europas første institusjon for høgare utdanning i bergteknikk, skipa på Kongsberg 19. september 1757 etter kongeleg resolusjon av Fredrik V og i drift til 1814.

Formålet var å styrke Danmark-Noregs bergverkskunnskap og å heve kompetansenivået ved Kongsberg Sølvverk. Fram til 1811 var Bergseminaret, ved sidan av Krigsskulen i Christiania, den einaste høgare utdanning i Noreg. Det var planar om at landets første universitet skulle leggjast til bergstaden Kongsberg.

Bygninga vart freda av Riksantikvaren i 2004.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Regimentsgården er fredet frå Lågendalsposten 6. mai 2004 (vitja 20. mai 2014)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • G. A. Blom: Fra Bergseminar til Teknisk Høyskole. Oslo 1957.
  • R. Falck-Muus: Vårt bergtekniske undervisningsvesens historie. 1757-1932. Tidsskrift for Kjemi og Bergvesen 9. 1932.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]