Bergstjerner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergstjerner
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Heliantheini
Slekt: Bergstjerner Urochroa
Gould, 1856
Artar
rustskjeggbergstjerne
kvithalebergstjerne

Bergstjerner er ei biologisk slekt Urochroa av kolibriar med to medlemmer som lever langs Andesfjella i Colombia, Ecuador og fåtalige i Peru. Slekta er ein del av underfamilien Lesbiinae, stamme Heliantheini, «briljantar».

Namnet Urochroa er frå gresk: oura «hale», khroa «farge».[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er to store, mørke, og fargerike kolibriar med lange, mørke nebb. Fjørdrakta er gjennomgåande mørk. Halen har kvite ytre fjører, tidlegare var dei to artane handsama som ein art med engelsk namn «White-tailed hillstar». Oversida har mørke, raudbrune til bronsegrøne farger, undersida skittengrå og den iriserande strupeflekken blå. Kjønna er like. Dei lever i skråninga av fjellkjeder med våt subtropisk skog, gjerne nær rennande vatn.[2] Kroppsstorleikar ligg mellom 13 og 14 centimeter inkludert 3 cm langt nebb. I Colombia og Ecuador finn ein rustskjeggbergstjerne på stillehavssida av Andes, mest talrikt i Colombia,[3] kvithalebergstjerne lever på austsida. Sistnemnde også med eit par mindre isolerte populasjonar i Peru.[4]

Verdas naturvernunion, IUCN, har kategorisert begge artar som livskraftige artar (LC).[5]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Bergstjerner i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[6] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[7] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 396. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, s. 273, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  3. Schuchmann, K.L., P. F. D. Boesman, and G. M. Kirwan (2020). Rufous-gaped Hillstar (Urochroa bougueri), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whthil2.01
  4. del Hoyo, J., N. Collar, G. M. Kirwan, and P. F. D. Boesman (2020). Green-backed Hillstar (Urochroa leucura), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whthil3.01
  5. Birdlife International Data Zone søk Henta 7. august 2023
  6. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. mai 2023. 
  7. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. mai 2023. 
  8. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bergstjerner