Bernhard Essendrop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bernhard Essendrop

Bernhard Ludvig Essendrop (21. desember 181213. mars 1891) var ein prest og stortingsmann frå Christiania.

Essendrop var son til ein kjøpmann. Sjølv vart han student frå Christiania katedralskole i 1830 og cand. theol. i 1834. Sidan var han nokre år vekselvis huslærar og privatlærar. I 1842 vart han lærar ved Christiania katedralskole. Sokneprest til Baklandet i Trondheim 1847-51 og i Strinda 1851-75. Til sist, 1875-83, stiftsprost ved kyrkjelyden til Domkyrkja i Trondheim.

Essendrop var stortingsmann 1862-66 og 1871-82. I 1862-63 var han medlem av kyrkjekomiteen og matrikkelkomiteen. Formann i kyrkjekomiteen 1865-66 og 1871-73. Han var president i Lagtinget 1872-73 og medlem av valkomiteen 1872-82. Dei tre periodane frå 1874 til -82 var han president i Stortinget, medlem av Lagtinget og formann i budsjettkomiteen. Han var medlem av deputasjonen til tusenårsminnet i Haugesund i 1872, og av deputasjonen til kongekroninga i Stockholm året etter.

Essendrop var i mange år ordførar i Strinda og forlikskommissær der i 24 år. I fleire år var han preses i vitskapsselskapet i Trondheim.

Etter han slutta som stiftsprost i 1883 flytta Essendrop til Christiania, døydde der i 1891.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914