Bernhard Herre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bernhard Herre
Bernhard Herre.jpg
Litografi
Fødd 28. november 1812
Død 15. juli 1849 (36 år)

Bernhard Mogens Herre (fødd 28. november 1812 i København, død 15. juli 1849 på Mellomkollen i Christiania) var ein dansk-norsk forfattar kjend for boka En Jægers Erindringer som Welhaven og Asbjørnsen redigerte og utgav posthumt i 1850.

Den vesle samlinga inneheld fem korte prosaperler med melankolske naturstemningar frå Herre sine mange og lange jaktturar i Nordmarka og på Krokskogen.

Liv og «karriere»

Herre var son av den danske handelsmannen Christian Friedrich Gottlieb Herre og Marie Christine Haagensen. Faren gjekk konkurs i København og familien flytta til Christiania i 1819, der faren slo seg opp igjen til han i 1834 gjekk konkurs for andre gongen. Så lenge familien var ein del av christaniasosieteten var Camilla Wergeland ein flittig gjest i huset og Herre var håplaust forelska i ho frå første stund. Ei tid var den fem år eldre Welhaven privatlæraren til Herre, og Herre freista på det mest sjølvutslettande viset å hjelpe dei to venene sine til å bli eit par.[1] Som vaksen var han ein ven og beundrar av Welhaven.

Igaar indtraf den Ulykke at en ung Mand, Assistent hos Diskonteringskommissionens Kasserer, Herre, blev dræbt derved, at hans Gevær, som han bar i en Rem over Skulderen, gikk af og dets Hagelladning traf hans Hoved. Ulykken skeede paa en Jagttur i Nordmarken, idet han gled over nogle Stene og faldt, hvorved Geværet stødte mot Marken og gik af.[2]

Lekser og skolefag hadde ikkje Herre nokon interesse av, og tok ikkje høgare utdanning. Med berre ein såkalla «preliminæreksamen» frå 1834 i lomma fekk han ikkje anna enn ein keisam post som kopist i den såkalla Diskonteringskommissionen i Finansdepartementet. Han hadde ei kjensle av å ha evner til meir enn å kopiere dokument for hand, så «copist Herre» blei full av nederlagskjensle, melankoli og sjølvforakt.

Herre gjekk mykje på jakt i skogsområda rundt Christiania og her enda livet hans etter at børsa hans gjekk av i ei bratt og ulendt li på Mellomkollen i «Maridalsalpane». Omstenda bak blei aldri klarlagde, men med tanke på det vanskelege terrenget er ikkje eit vådeskot usannsynleg. Likevel kan notisen i Morgenbladet to dagar etter dødsfallet tolkast som ei freisting på å formidle at det var sjølvmord, noko dei etter tidas skikk ikkje kunne skrive eksplisitt.[3]

En Jægers Erindringer

Etter at Herre i 1840-åra kom i kontakt med den litterære krinsen kring Camilla og Peter Jonas Collett, blei han ven av P.C. Asbjørnsen. Herre freista å hjelpe Asbjørnsen med innsamling av segn og eventyr, og inspirert av desse erfaringane og dei nye litterære kontaktane sine våga han i 1841 å gje ut dei tre forteljingane «Sæterpigen og Jægeren», «Føstretiden»[4] og «Krogkleven» i Den Constitutionelle – anonymt.[5]

Etter at Herre var død innsåg Welhaven og Asbjørnen at dei skissene som låg igjen etter han hadde såpass litterære kvalitetar at dei var verd ei utgjeving. Dei normaliserte nokre dialektuttrykk dei meinte ikkje passa i ei litterær tekst og gav i 1850 ut En Jægers Erindringer. Boka inneheld dei tre forteljingane som var publisert i Den Constitutionelle, pluss «I Nordmarken» og «Skovene». I tillegg kom melodramaet «Carl» som Welhaven omarbeida og forkorta for å freiste å redde frå katastrofe. Det interessante med den elles svake novella er at den kan lesast som ei omskriving av trekantforholdet mellom Camilla Wergeland, Welhaven og Herre.[6] Inntektene av salet gjekk til mora til Herre.[5]

Dei poetiske natursansingane til Herre har fascinert fleire generasjonar, og boka har kome ut i fleire opplag. I 1860-åra blei ho utgjeve på svensk i samlinga Skizzer från Norge.[7]. Ei utgåve med varsamt modernisert språk av Odd Inge Langholm og illustrasjonar av Chrix Dahl kom i 1966. I innleiinga til denne utgåva skreiv Francis Bull at Herre hadde skrive «de første levende naturskildringer» på 1800-talet frå skogtraktane rundt hovudstaden og at «etter mer enn hundre år lyder dens toner fremdeles til oss som et stemningsbevegende stykke klassisk musikk.»

I 1997 kom boka i fotografisk opptrykk av 1966-utgåva utstyrt med etterord av Rolf Nyboe Nettum. Han skriv at En Jægers Erindringer ikkje er å forstå som nasjonalromantikk, men som poetisk realisme. Dei få menneska Herre skildrar i forteljingane sine er jordnære arbeidsfolk; seterjenta er ikkje skildra som romantikken si slanke og grasiøse draumekvinne, men «rundformet», sterk, sunn og praktisk; andletet til tømmerhoggaren er prega av det harde slitet i skogen; og nokre ungar han møter i skogen veit ikkje anna enn at dei bur «på den andre siden av åsen»[5] og viser seg å bu i eit usselt skur av bakhun lent opp mot ein fjellvegg, «i Form af en efter Diagonalplanet gjennemskaaren Terning».[8] Men menneske er ikkje Herre sin primære interesse. I staden formidlar han si eiga oppleving og sansing av naturen rundt seg på ein måte som gjer han til ein pionér i norsk litteratur. «Makeløst får han frem lysbrytningene, fargenyansene, årstidenes spor i trær og gress,» skriv Nettum.[5]

Ettermæle

Minneplakaten over Bernhard Herre på Mellomkollen

Skog- og friluftsetaten i Oslo har sett opp ein minneplakat ved stien til Mellomkollen, om lag 30 meter over staden der ein reknar med at det fatale skotet fall.[7] Niels Fredrik Dahl dikta i romanen Herre (2009) rundt dei kjende historiske fakta om forholdet mellom Bernhard Herre, Camilla Wergeland og Johan Sebastian Welhaven.[9] Bernhard Herres vei på Smestad i Oslo er oppkalla etter Herre.

Sitat

Frå «Sæterpigen og Jægeren»

«Jeg stod en Aftenstund ved Nordsætervangen paa Krogskoven. Himlen var saa gjennemblank, Solen sank blussende rød ned bag Krogkleven, de lange Skygger laae over Vangen, og Skoven var saa dyb og uigjennemtrængelig. Hvor jeg vendte mig hen, saae jeg den nordiske vemodige Pragt omkring mig.[10]

Frå «Føstretiden»

«Henne paa Myren, der hvor den taber sig i Skoven, spiller Luften mellem de vanskabte Træer, og over den rolige, blanke Søe ligger der langs Sivene hede, qvælende Dampe. Ingen Lyd svæver mellem Træerne, intet Liv sees her; Alt er Taushed og Øde; en tung, unaturlig Søvn har lagt sine Arme om Planter og Dyr.[11]

Frå «Krogkleven»

«Jeg havde vel været her hundrede Gange; men denne Klevs største Værd er det, at den aldrig er liig sig selv. Snart hviler Skyen sig paa Fjeldets Toppe og glider i næste Moment ned i Dalen; snart spiller Lysningen i de stærkeste Farver hist og her langs Aasernes Sider, medens enkelte Partier hvile i en næsten sortagtig Skygge.»[12]

Verk

Referansar og fotnotar

  1. Collett, Breve... side 98
  2. Morgenbladet 17. juli 1849, referert i Niels Fredrik Dahl si bok Herre
  3. Outsiderens posisjoner – forfatterintervju med Niels Fredrik Dahl på Bokvennen litterært magasin
  4. dvs. «oppfostringstida»; den tida dyr og fuglar fostrar opp ungane sine.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Rolf Nyboe Nettum sitt etterord til 1997-utgåva av En Jægers Erindringer
  6. Bernard Herre på Norsk biografisk leksikon
  7. 7,0 7,1 Bernhard Herrekjentmannsmerket.org
  8. «I Nordmarken», En Jægers Erindringer 1850, side 49
  9. En merkelig trekanthistorie - omtale på NRK.no
  10. «Sæterpigen og Jægeren», En Jægers Erindringer 1850, side 3
  11. «Føstretiden», En Jægers Erindringer 1850, side 17
  12. «Krogkleven», En Jægers Erindringer 1850, side 21

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Bernhard Herre
Wikisource Bernhard HerreWikikilden (frie originaltekstar)