Białystok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Białystok
Jernbanestasjonen
Jernbanestasjonen
Flagget til Białystok Byvåpenet til Białystok
Flagget til Białystok Byvåpenet til Białystok


Plassering
Białystok is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Podlasie-voivodskapet
Grunnlagd
Byrettar
1300-talet
1749
Borgarmeister Tadeusz Truskolaski
Geografi
Flatevidd
 - By

102,12 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

295 210
  2891/km²
Koordinatar 53°7′0″N 23°10′0″EKoordinatar: 53°7′0″N 23°10′0″E
Høgd over havet 120-160 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 15-001
Telefon-retningsnummer +48 85
Bilnummer BI
Nettstad: www.bialystok.pl

Białystok er den største byen nordaust i Polen. Han ligg nær grensa til Kviterussland og er den historiske hovudstaden i regionen Podlasie. Białystok har om lag 295 000 innbyggjarar. Han er i dag hovudstad i Podlasie-voivodskapet sidan 1999, og før den tid i Białystok-voivodskapet (1921-1998).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Białystok-katedralen

Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder frå 1437 då landområdet rundt elva Biala vart gjeve til Raczko Tabutowicz av kong Kasimir IV av Polen. I 1547 gjekk byen til familien Wiesiołowski. Dei bygde ei borg og ei kyrkje her. Han var då ein del av Storthertugdømet Litauen. I 1645 døydde Krzysztof Wiesiołowski, den siste i familien, og Białystok kom inn under Det polsk-litauiske samveldet sitt eige. I 1661 vart han gjeve til Stefan Czarniecki som løn for hjelpa hans i sigeren over svenskane. Fire år seinare, som medgift for dottera Aleksandra, kom byen inn under Branicki-familien.

På andre halvdel av 1700-talet vart Hetman Jan Klemens Branicki, ein sjefskommandør, arvingen til Białystok-området. Det var han som omgjorde byen til ein flott adelsby. Fleire kunstnarar og vitskapsfolk kom til Białystok for å utnytte dei gode tilhøva som Branicki gav dei. Białystok fekk byrettar i 1749.

Etter den tredje delinga av Polen av Det polsk-litauiske samveldet i 1795 høyrte han først til Kongedømet Preussen, og etter Tilsit-traktaten i 1807 gjekk han til Russland. På 1800-talet vart han eit stort senter for tekstilindustrien. På grunn av den industrielle utviklinga auka folketalet frå 13 787 innbyggjarar i 1857, til 56 629 i 1889 og 65 781 i 1901. I denne perioden var størsteparten av innbyggjarane jødiske.

Under den første verdskrigen byrja bombinga av byen 20. april 1915. 13. august 1915 kom tyske soldatar til Białystok. Byen vart ein del av okkupasjonsområdet Ober Ost. I mars 1918 vart byen erklært del av Den kviterussiske nasjonalrepublikken; i juli 1918 vart han ein del av av Den litauiske provinsen og hovudstad i Sør-Litauen. 19. februar 1919 kom han derimot tilbake til Polen. I 1920 vart byen okkupert ei kort stund av sovjetiske styrkar under den polsk-sovjetiske krigen og var då hovudkvarteret for den polske revolusjonskomiteen leia av Julian Marchlewski, som prøvde å opprette Den polsk-sovjetiske sosialistrepublikken.

Dojlidy-palasset i Białystok

I åra 1920-1939 var byen igjen ein del av det sjøvlstendige Polen. I september 1939 vart Białystok okkupert av Nazi-Tyskland, men vart ein del av Sovjetunionen gjennom den hemmelege Molotov-Ribbentrop-pakta og annektert inn i Byelorussian SSR. Biełastok vobłasć med senter i Bielystok vart oppretta i 1939.

27. juni 1941 vart Białystok erobra av nazistane då dei invaderte Sovjetunionen. Dei forfølgde og utrydda den ikkje-tyske folkesetnaden. 56 000 jødar vart stengde inne i ein getto, som i løpet av august 1943 vart utrydda. Allereie morgonen 27. juni 1941 fekk nazitroppar frå Ordenspolitibataljon 309[1] ordre om å omringe byplassen ved Den store synagogen (den største synagogen i tre i Aust-Europa), og dei tvinga innbyggjarar frå heimane sine og ut i gatene. Om lag 800 menn, kvinner og born vart låste inne i synagogen, som så vart sett i brann. Alle omkom i brannen. I tillegg vart granter kasta inn i andre heimar og den påfølgjande brannen brende ned store område. Om lag 3000 jødar mista livet i løpet av denne dagen.[2]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Den høgare utdanninga i Białystok blei utvikla på 1700-talet då hetman Jan Klemens Branicki inviterte vitskapsfolk og kunstnarar til byen. I 1745 grunnla han den første militærhøgskulen i landet her. Ein teknisk høgskule, Politechnika Białostocka, blei grunnlagd her i 1949 og eit medisinsk universitet, Uniwersytet Medyczny w Białymstoku, i 1950. Dette universitetet har eit engelsk program som mange utanlandske studentar, mellom anna nordmenn, nyttar. Fleire utdanningsinstitusjonar har avedlingar i byen. Universitetet i Warzawa hadde ei lokal avdeling som i 1997 etablerte seg som det sjølvstendige Universitetet i Białystok.

Kjende folk frå Białystok[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Goldhagen, Daniel J. Hitler's Willing Executioners: Ordinary Germans and the Holocaust New York, NY: Vintage Books, 1997
  2. The Importance of World Peace: The Holocaust