Opole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Opole
Horisonten til Opole
Flagget til Opole Byvåpenet til Opole
Flagget til Opole Byvåpenet til Opole


Plassering
Opole is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Opole-voivodskapet
Byrettar 1217
Borgarmeister Ryszard Zembaczyński
Geografi
Flatevidd
 - By

96,2 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

128 000
  1331/km²
Koordinatar 50°40′0″N 17°56′0″EKoordinatar: 50°40′0″N 17°56′0″E
Høgd over havet 176 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 45-001 til 45-910
Telefon-retningsnummer +48 077
Bilnummer OP
Nettstad: www.opole.pl

Opole (tysk Oppeln) er ein by sør i Polen ved elva Oder. Han har om lag 130 000 innbyggjarar og er hovudstad i Opole-voivodskapet. Han er den historiske hovudstaden i Øvre Schlesien. I dag bur mange etterkommarar etter tyskarar og polakkar frå området i Opole.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før 400-talet vandra germanarar (silingarar) og kanskje burgundarar til området rundt Opole. Etter at dei germanske gruppene reiste frå området for å invadere Romarriket flytta vestslavarar til området.

Opole har utvikla seg sidan 900-talet som regionshovudstaden til slaviske opolanarar. Den første busetnaden deira var på øya Wyspa Pasieka midt i Odra. Mot slutten av hundreåret vart Schlesien ein del av Polen og underlagd Piast-dynastiet. Det heidenske området til opolanarane vart erobra av hertug Bolesław I i 1012/1013. Etter hertug Władysław II den landflyktige vart Schlesien i 1163 delt av dei to Piast-linjene Wrocławska i Nederschlesien og Opolsko-Raciborska i Øverschlesien. Opole vart eit hertugdøme i 1172 og hadde mykje til felles med Hertugdømet Racibórz, som det ofte var slått saman med. I 1281 vart Øverschlsien vidare delt mellom arvingane til hertugane og Hertugdømet Opole vart mellombels gjenoppretta i 1290.

Tyske handelsmenn hadde oppretta ein koloni i Ople ved kryssingstaden over Oder, men i 1217 byrja òg tyske bønder å flytte til området. Opole fekk tyske byrettar i 1254, og i 1419 Magdeburgrettar. I lag med det meste av Schlesien i 1327 ein del av Kongedømet Böhmen, som igjen var ein del av Det tysk-romerske riket. I 1521 gjekk hertugdømet Racibórz (Ratibor) i arv til hertugen av Opole, som då hadde fått nament Oppeln på tysk. Då Kong Ludvig II av Böhmen døydde i slaget ved Mohács vart Schlesien arva av Ferdinand I og Oppeln hamna under Habsburgmonarkiet i Austerrike. Habsburgarane tok kontroll over regionen i 1532 etter at den lokale Piast-linja døydde ut. Frå 1532 pantsette Habsburgarane hertugdømet til forskjellige herskarar. Då kong Johan II Kasimir av Polen døydde som den siste hertugen av Opole i 1668, vart regionen direkte underlagt Habsburgarane.

Kong Fredrik II av Preussen erobra det meste av Schlesien frå Austerrike i 1740 under dei schlesiske krigane. Dei prøyssiske erobringane vart stadfesta med freden i Breslau i 1742. Frå 1816 til 1945 var Opole hovudstad i Regierungsbezirk Oppeln i Preussen. Byen vart ein del av Det tyske keisardømet under samlinga av Tyskland i 1871.

Domkyrkja i Opole

Etter at Tyskland tapte i den første verdskrigen vart det halde ei folkeavstemming i 20. mars 1921 i Oppeln for å avgjere om byen skulle inn i Weimarrepublikken eller inn i Den andre polske republikken. 94,7% stemde for Tyskland og 5,0% for Polen. På denne tida var derimot nesten samtlege innbyggjarar i byen etniske tyskarar.

Oppelen vart det administrative setet i provinsen Øvre Schlesien frå 1919 til 1939. På byrjinga av den andre verdskrigen i 1939 vart austlege Øvre Schlesien lagt til provinsen og Oppelen mista statusen som provinshovudstad til Katowice (då kalla Kattowitz).

Etter krigen var over i 1845 vart Oppelen overført til Polen som følgje av Potsdamerkonferansen og gjeve det gamle slaviske namnet Opole. I motsetnad til dei fleste tidlegare austtyske områda som vart avstått til Polen etter krigen, vart ikkje tyskarane i byen kasta ut, sjølv om mange av dei etniske tyskarane med rett til tysk statsborgarskap flytta til Vest-Tyskland for å flykte frå den kommunistiske Austblokka. I dag er Oppole og den omliggande regionen kjend som senteret for den tysktalande schlesiske minoriteten i Polen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Opole

Kjelder[endre | endre wikiteksten]