Den andre polske republikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rzeczpospolita Polska
Republika Polska
Republikken Polen
19181939 Flag of German Reich (1935–1945).svg
 
Flag of the Soviet Union (1923-1955).svg
 
Flaga PPP.svg
Flagg Våpen
Flagget til Polen Våpenskjold 1919-1927
Nasjonalsong
Mazurek Dąbrowskiego
Plasseringa til Polen
Hovudstad Warszawa
Språk Polsk (offisielt)
ukrainsk, jiddisch, kviterussisk, tysk
Styreform Republikk
President Liste
Statsminister Liste
Lovgjevande forsamling Sejm
 - Øvre kammer Senat
 - Nedre kammer Sejm
Historisk periode Mellomkrigstida
 - Den første verdskrigen 11. november 1918
 - Invasjon 1. september 1939
Areal
 - 1921 387 000 km²
 - 1931 388 634 km²
 - 1938 389 720 km²
Innbyggjarar
 - 1921 est. 27 177 000 
     Folketettleik 70,2 /km² 
 - 1931 est. 32 107 000 
     Folketettleik 82,6 /km² 
 - 1938 est. 34 849 000 
     Folketettleik 89,4 /km²
Valuta Marka (fram til 1924)
Złoty (etter 1924)
Føregjengar
Etterfølgjarar
Flag of Austria-Hungary (1869-1918).svg Austerrike-Ungarn
Flag of the German Empire.svg Det tyske keisardømet
Flag of None.svg Kongedømet Polen 1916-1918
Flag of Ukraine.svg Den vestukrainske nasjonalrepublikken
Flag of the Lemko-Rusyn Republic.svg Republikken Lemko-Rusyn
Flag of Ukraine.svg Republikken Komancza
Flag of Ukrainian People's Republic (non-official, 1917).svg Den ukrainske folkerepublikken
Flag of the Galician SSR.svg Den galiciske sovjetiske sosialistrepublikken
Flag of Galicia and Lodomeria (1849-1890).svg Kongedømet Galicia og Lodomeria
Flag of Central Lithuania.svg Republikken Sentral-Litauen
Nazi-Tyskland Flag of German Reich (1935–1945).svg
Sovjetunionen Flag of the Soviet Union (1923-1955).svg
Den polske undergrunnsstaten Flaga PPP.svg

Den andre polske republikken er namnet som vert nytta om Republikken Polen mellom første og andre verdskrig.

Då landegrensene til staten vart fastsett i 1922 etter fleire krigar grensa republikken mot Tsjekkoslovakia, Tyskland, Fristaden Danzig, Litauen, Latvia, Romania og Sovjetunionen, pluss ei lita kyststripe mot Austersjøen rundt byen Gdynia. Republikken hadde eit areal på 388 634 km² (sjette største i Europa, hausten 1938 auka arealet til 389 720 km² etter annekteringa av Zaolzie) og 27,2 millionar innbyggjarar same året. I 1939, like før den andre verdskrigen braut ut er det estimert at folketalet var 35,1 millionar innbyggjarar. Nesten ein tredjedel av desse var minoritetar (13,9 % ukrainarar, 3,1 % kviterussarar, 8,6 % jødar, 2,3 % tyskarar og 3,4 % litauarar, russarar og tsjekkarar.

Den andre republikken vert ofte assosiert med periodar med mykje motgang, problem og triumf. Det var store økonomiske vanskar og øydeleggingar etter den første verdskrigen, etterfølgd av den sovjetiske invasjonen under den polsk-sovjetiske krigen, og det stadig meir fiendtleg innstilte Nazi-Tyskland. Landet klarte likevel å stå imot og til og med utvide landområda sine. Polen hadde ikkje oversjøiske koloniar, men klarte likevel å halde eit nivå av økonomisk utvikling og velstand som kunne samanliknast med det ein fann lenger vest. Dei store kultursentra Warszawa, Kraków, Poznan, Wilno og Lwów gjorde dei til store europeiske byar. Her var òg internasjonale anerkjende universitet og andre høgare utdanningsinstitusjonar. I 1939 hadde republikken vorte ei stor verdsmakt både politisk og økonomisk.

Den andre polske republikken enda i september 1939, då både tyske og sovjetiske styrkar rykte inn i landet. Folkerepublikken Polen vart oppretta etter den andre verdskrigen tok slutt i 1945.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]