Bila Tserkva
| Bila Tserkva | |||
| by | |||
|
Orgelhallen i Bila Tserkva.
|
|||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Oblast | Kiev oblast | ||
| Rajon | Bila Tserkva bykommune | ||
| koordinatar | |||
| Areal | 34 km² | ||
| Folketal | 208 000 (2008) | ||
| Tettleik | 6 118 / km² | ||
| Grunnlagd | 1032 | ||
| - Magdeburgrettar | 1589 | ||
| borgarmeister | Vasyl Savtsjuk | ||
| Postnummer | 09100-09117 | ||
| Retningsnummer | +380 4563 | ||
| Nettstad: http://www.bilat_serkva.info/ | |||
Bila Tserkva (ukrainsk Бiла Церква, polsk Biała Cerkiew, russisk Белая Церковь, tyder Kvit kyrkje) er ein by ved elva Ros i Kiev oblast (provins) sentralt i Ukraina, kring 80 km sør for hovudstaden Kiev. Byen har litt over 200 000 innbyggjarar.
Historie [endre]
Byen vart grunnlagd i 1032 som Jurijev av Jaroslav den vise, som hadde førenamnet Jurij. Frå 1363 høyrte byen til Storhertugdømet Litauen og frå 1569 til Det polsk-litauiske samveldet. Byen fekk Magdeburgrettar i 1620 av Sigismund III Vasa.
Ein fredsavtale mellom Det polsk-litauiske samveldet og ukrainsk kosakkar under Bohdan Khmelnytskyj vart signert her i 1651.[1]
Frå andre halvdel av 1700-talet vart Bila Tserkva eigedomen til Branicki-familien. Franciszek Ksawery Branicki, den polske storhetmanen, bygde byresidensen sin her - eit vinterpalass mog ein landleg residens med parken Aleksandria, kalla opp etter kona. Bila Tserkva vart annektert til Det russiske imperiet som følgje av den andre delinga av Polen i 1793. I sovjettida vart Bila Tserkva eint stort industrisenter.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bila Tserkva» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Paul Robert Magocsi, A history of Ukraina, universitet of Toronto Press, 1996, p. 205
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Kiev (ikkje ein del av oblastet) | ||
| Berezan · Bila Tserkva · Bohuslav · Bojarka · Boryspil · Brovary · Butsja · Fastiv · Irpin · Jahotyn · Kaharlyk · Myronivka · Obukhiv · Perejaslav-Khmelnytskyj · Prypjat · Rzjysjtsjiv · Skvyra · Slavutytsj · Tarasjtsja · Tetijiv · Tsjernobyl · Ukrajinka · Uzyn · Vasylkiv · Vysjhorod · Vysjneve | ||