Prypjat
-
Denne artikkelen handlar om byen i Ukraina. For elva, sjå Pripjat.
| Pripjat | |
| При́п'ять (ukrainsk) При́пять (russisk) | |
| Forlatt by | |
| Land | |
|---|---|
| Oblast | Kiev oblast |
| Rajon | Ivankiv rajon |
| koordinatar | |
| Folketal | 0 (2012) |
| Grunnlagd | 1970 |
| - Byrettar | 1980 |
| Tidssone | EET (UTC+2) |
| - Sommartid | EEST (UTC+3) |
| Postnummer | ingen |
| Retningsnummer | +380 4499[1] |
Prypjat (ukrainsk При́пять; russisk При́пять, Pripjat’) er ein spøkelsesby nær Tsjernobyl atomkraftverk innanfor Tsjernobylsonen i Kiev oblast (provins) nord i Ukraina, nær grensa til Kviterussland.[2]
Byen har ein spesiell status i Kiev oblast og er direkte underlagt oblastet, sjølv om han ligg innanfor grensa til Ivankiv rajon. Byen vert òg styrt av Beredskapsdeparementet i Ukraina som ein del av styret av den lukka Tsjernobylsonen.
Pripjat vart grunnlagd i 1970 for å huse arbeidarane i Tsjernobyl atomkraftverk. Han fekk offisielt bystatus i 1979, men vart fråflytta i 1986 etter Tsjernobylulukka. Han var den niande atombyen (russisk: атомоград atomograd) i Sovjetunionen på den tida og hadde kring 50 000 innbyggjarar før ulukka.
Janov jernbanestasjon låg mindre enn 1 km frå byen og den farbare elva Pripjat flyt i nærleiken.
Tilkomsten til Pripjat var ikkje lukka, som så mange andre byar i Sovjetunionen, sidan atomkraftverket her vart rekna som tryggare enn andre typar kraftverk. Opphavleg var planen å byggje atomkraftverket berre 25 km frå Kiev, men Det ukrainske vitskapsakademiet var uroa over nærleiken til byen. Atomkraftverket og Pripjat[3] vart derfor bygd der dei no ligg, kring 100 km frå Kiev. Etter katastrofen vart Pripjat evakuert i løpet av to dagar.[4]
I 1986 vart byen Slavutytsj bygd opp for å erstatte Pripjat. Mange av bygningane i Pripjat har blitt vandalisert og plyndra gjennom åra og bygningane har ikkje blitt vedlikehalde sidan 1986. Det veks tre på somme tak og sjølv inne i somme bygningar.
Tryggleik [endre]
Det er relativt trygt å vitje Tsjernobylsonen i dag og fleire ukrainske selskap tilbyr guida turar til området. Strålingsnivået er kraftig redusert, samanalikna med dei dødelege nivåa i april 1986. Dei fleste stadane i byen er strålingsnivåa ikkje over ein ekvivalent dose på 1 μSv (1 mikrosievert) per time.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Prypiat» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Kiev (ikkje ein del av oblastet) | ||
| Berezan · Bila Tserkva · Bohuslav · Bojarka · Boryspil · Brovary · Butsja · Fastiv · Irpin · Jahotyn · Kaharlyk · Myronivka · Obukhiv · Perejaslav-Khmelnytskyj · Prypjat · Rzjysjtsjiv · Skvyra · Slavutytsj · Tarasjtsja · Tetijiv · Tsjernobyl · Ukrajinka · Uzyn · Vasylkiv · Vysjhorod · Vysjneve | ||