Bill Bryson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bill Bryson

Statsborgarskap USA
Fødd 8. desember 1951 (72 år)
Des Moines
Yrke journalist, reiseforfattar, sjølvbiograf, vitskapleg forfattar, vitskapsformidlar, skribent, reisande
Språk engelsk
Sjanger populærvitskapleg litteratur, reiseskildring
Medlem av Royal Society
Bill Bryson på Commons

William «Bill» McGuire Bryson (fødd 8. desember 1951) er ein bestseljande amerikansk forfattar. Han har budd det meste av vaksenlivet sitt i England, med eit opphald i USA att frå 1995 til 2003, og er både amerikansk og britisk statsborgar. Bryson hadde stillinga som chancellor ved Durham University frå 2005 til 2011.[1]

Bryson er mest kjend for sine humoristiske reiseskildringar, men har òg skrive ein del bøker om det engelske språket. Han blei kjend i Storbritannia for boka og fjernsynsserien Notes from a Small Island (1995), som utforska øyriket. Han fekk vidspreidd merksemd for A Short History of Nearly Everything (2003, norsk En kort historie om nesten alt), ei bok rosa for godt tilgjengeleg informasjon om vitskap. Bøkene til Bryson er kjenneteikna av humoren hans, som til trass for at han gjennomsyrar alt ikkje står i vegen for formidlinga av kunnskap.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bryson var fødd og voks opp i Des Moines i Iowa som son av sportsjournalisten Bill Bryson Sr., som arbeidde ved Des Moines Register i 50 år, og Agnes Mary (fødd McGuire), redaktør ved same avis.[2][3] Han hadde ein eldre bror, Michael (1942–2012), og ei syster, Mary Jane Elizabeth. I 2006 gav Bryson ut ei humoristisk skildring av barndommen sin i The Life and Times of the Thunderbolt Kid.[3] Same året blei han tildelt bynøkkelen til Des Moines av borgarmeisteren Frank Cownie, som erklærte at 21. oktober 2006 skulle vera «Bill Bryson, The Thunderbolt Kid, Day».[4]

Reiser og karriere[endre | endre wikiteksten]

Bryson studerte ved Drake University i to år før han gav seg i 1972, då han heller ville reisa som ryggsekkturist gjennom Europa i fire månader. Året etter vende han tilbake til Europa saman med venne Matt Angerer (omskriven under pseudonymey Stephen Katz).[5] Bryson skreiv om opplevingane sine på turen i boka Neither Here nor There: Travels in Europe.

Bill Bryson i Durham, aom han hadde skildra som ein perfekt liten by, i 2005.

I 1973 vitja Bryson Storbritannia for fyrste gong[6] under Europa-turen sin.[7] Han bestemte seg for å bli verande etter å få ein jobb ved eit psykiatrisk sjukehus,[8] det no nedlagde Holloway Sanatorium i Virginia Water i Surrey. Her møtte han ein sjukepleiar, Cynthia Billen, som han gifta seg med i 1975.[8] Dei flytta til Des Moines i 1975 så Bryson kunne fullføra graden sin ved Drake University.[3] I 1977 slo dei seg ned i Storbritannia.[9] Familien Bryson budde ulike stader i landet, fyrst i Virginia Water i Surrey, så Purewell i Dorset, Burton i Dorset og Kirkby Malham i North Yorkshire på 1980- og 1990-talet, og i Wramplingham i Norfolk frå 2003 til 2013.[10] Dei slo seg så ned i Hampshire.[8] Frå 1995 til 2003 budde dei i Hanover i New Hampshire.[11]

Bryson verka som journalist, fyrst for Bournemouth Evening Echo, seinare for The Times og The Independent. Medan han budde i USA på 1990-talet skreiv Bryson ei fleirårig spalte for ei britisk avis om humoristiske sider ved tilbakevendinga si til heimlandet. Nokre av desse blei omforma til boka hans I'm a Stranger Here Myself (USA), kalla Notes from a Big Country i Storbritannia, Canada og Australia. Medan han budde i USA bestemte Bryson seg for å gå fotturen Appalachian Trail med vennen Stephen Katz (pseudonym), noko han skreiv om i boka A Walk in the Woods. Boka blei filmatisert i 2015 med Robert Redford i rolla som Bryson og Nick Nolte i rolla som Katz.[12]

Bryson i regalia til Chancellor of Durham University

I 2005 blei Bryson utnemnd til chancellor ved Durham University etter sir Peter Ustinov.[13] Han blei meir aktiv i høve til studentaktivititetar enn det som er vanleg for denne seremonielle rolla. Han var mellom anna med i ein studentfilm og promoterte søppelsanking i byen.[14] Bryson hadde rosa Durham som «a perfect little city» i Notes from a Small Island. I oktober 2010 blei det kjend at Bryson kom til å forlata rolla ved slutten av 2011.[15]

Bill Bryson i turutstyr i 2018.
Foto: National Churches Trust

I mai 2007 blei Bryson leiar for organisasjonen Campaign to Protect Rural England.[16][17] Han fokuserte fyrst på å skipa ein kampanje mot forsøpling i heile England. Han diskuterte framtida til landsbygda med Richard Mabey, Sue Clifford, Nicholas Crane og Richard Girling ved CPRE sin Volunteer Conference i november 2007.[12]

I oktober 2020 gjorde Bryson det kjend at han hadde «pensjonert» seg frå å skriva bøker.[18]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Med Royal Society of Chemistry blei Bill Bryson Prize for Science Communication skipa i 2005.[22]

22. november 2012 omdøypte Durham University offisielt hovudbiblioteket sitt til Bill Bryson Library til ære for innsatsen hans som chancellor ved universitetet.[23][24] Biblioteket har også ein kafé med namn etter Bryson si bok Notes from a Small Island.[25]

I 2013 blei Bryson vald til æresmedlem av Royal Society,[26] som den fyrste ikkje-briten.[27][28]

Æresdoktorat[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Omsett til norsk
  • Down under : jakten på Australia (2001), (Down Under)
  • Verken her eller der : fra Hammerfest til Istanbul (2002), (Neither here nor there : travels in Europe)
  • USA : det tapte kontinent (2002), (The lost continent : travels in small-town Amerika)
  • Notater fra en liten øy, (2003), (Notes from a small island)
  • En kort historie om nesten alt (2005), (A short history of nearly everything)
  • I de dype skoger (2006), (A walk in the woods)
  • Lyngutten (2007) (The Life and Times of the Thunderbolt Kid: A Memoir)
  • Hjemme (2012) (At home, a short history on private life)
  • En sommer, Amerika 1927 (2013) (One Summer, America 1927)
  • Kroppen : en guide for deg som bor i den (2019) (The Body: A Guide for Occupants)
Ikkje omsett til norsk
  • The Palace Under the Alps and Over 200 Other Unusual, Unspoiled, and Infrequently Visited Spots in 16 European Countries (1985)
  • The Mother Tongue: English and How it Got That Way (1990)
  • Made in America: An Informal History of the English Language in the United States (1994)
  • Bill Bryson's Bizarre World (1995) (A collection of tall tales, absurd stories and crazy, true-life anecdotes.)
  • I'm a Stranger Here Myself: Notes on Returning to America After Twenty Years Away (US Edition) / Notes From a Big Country (britisk utgåve) (1998, columns about moving back to the USA)
  • Bill Bryson's African Diary (2002)
  • Bryson's Dictionary of Troublesome Words (2002)
  • The Road to Little Dribbling: Adventures of an American in Britain (2016)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bill Bryson». Durham University. Arkivert frå originalen 5. desember 2010. Henta 29 July 2010. 
  2. Richert, Scott P. (2011). Bill Bryson. Marshall Cavendish. s. 6. ISBN 9780761441205. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Writer Bill Bryson remembers his Iowa roots». Ames Tribune (Gannett Co.). October 28, 2013. Henta January 31, 2020. 
  4. «Proclamation of October 21, 2006 as 'The Thunderbird Kid' Day» (PDF). The City of Des Moines; republished online by Random House. Arkivert frå originalen (PDF) 25 June 2008. 
  5. Kilen, Mike (September 1, 2015). «The real life of Bill Bryson's 'Stephen Katz'». The Des Moines Register; USA Today. 
  6. 6,0 6,1 «Bill Bryson visits his utopia». The Independent. 7. mai 2002. Arkivert frå originalen 9. september 2010. 
  7. Wroe, Nicholas (14 March 2015). «Bill Bryson: 'When I came here the UK was poorer but much better looked after'». The Guardian. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Stephenson, Hannah (24 October 2015). «Bill Bryson: 'I'm American, but I cheer for England now in the World Cup until they get kicked out'». The Belfast Telegraph. Henta 12. februar 2018. 
  9. Longden, Tom. «Famous Iowans: Bill Bryson». Des Moines Register. [daud lenkje]
  10. Bryson, Bill (2016). The Road to Little Dribbling. London: Black Swan. 
  11. Bryson, Bill. «I'm a Stranger Here Myself». The New York Times. 
  12. 12,0 12,1 Gleick, Elizabeth (30. mai 1999). «Notes from a huge landmass». The New York Times. 
  13. Crace, John (15. november 2005). «Bill Bryson: The accidental chancellor». The Guardian (London). Arkivert frå originalen 10. februar 2008. Henta 26. april 2010. 
  14. «Bill Bryson Litter Pick». durham21. 1. mars 2008. Henta 17. september 2011. 
  15. «Bill Bryson stepping down as Chancellor». Durham University. 20. september 2010. Henta 4. juli 2011. 
  16. «Bryson to head litterbug campaign». BBC News. 2. mai 2007. Henta 5. august 2008. 
  17. «Contact Us». cpre.org.uk. Campaign to Protect Rural England. Arkivert frå originalen 26. mai 2010. Henta 2. juni 2022. 
  18. Sanderson, David (15. oktober 2020). «Bill Bryson puts down his pen and picks up a book». The Times. Henta 19. oktober 2020. 
  19. 19,0 19,1 Pauli, Michelle (7. desember 2005). «Bryson wins Descartes prize for his guide to science». The Guardian (London). 
  20. «Bill Bryson made an honorary OBE». BBC News. 13. desember 2006. Henta 5. august 2008. 
  21. «Bill Bryson Wins Prestigious Golden Eagle Award». owpg.org.uk. Outdoor Writers and Photographers Guild. 26. august 2011. Arkivert frå originalen 9. august 2016. Henta 2. juni 2022. 
  22. «Westminster setting for Bill Bryson award». RSC.org. Royal Society of Chemistry. 31. oktober 2005. Henta 21. november 2010. 
  23. «The Main Library is being renamed 'The Bill Bryson Library'!». Durham University. 25. september 2012. Henta 27. november 2012. 
  24. «Bill Bryson Library renaming event, Tuesday 27 November 2012». Durham University. 22. november 2012. 
  25. «Bill Bryson library opens 200 new study spaces and ‘Small Island’ café – Palatinate». 
  26. «Mr Bill Bryson OBE HonFRS Honorary Fellow». London: Royal Society. Arkivert frå originalen 5. oktober 2015. 
  27. «New Fellows 2013». Royal Society. 2. mai 2013. Henta 3. mai 2012. 
  28. «Honorary Fellows of the Royal Society». Royal Society. 23. mai 2013. Henta 24. november 2013. 
  29. «Bryson takes to 'Streets of Bournemouth'». bournemouth.ac.uk. Bournemouth University. Arkivert frå originalen 5. oktober 2016. Henta 16 July 2018. 
  30. «Honorary degrees 21st - 25th June». st-andrews.ac.uk. University of St Andrews. 20 June 2005. Arkivert frå originalen 18. august 2016. Henta 11. september 2016. 
  31. Kershaw, Andy (4. oktober 2012). No off Switch. ISBN 9780753541074. 
  32. «Bill Bryson - Honorary Degree». University of Leicester. 24 June 2009. Arkivert frå originalen 10. november 2021 – via YouTube. 
  33. «Honorary Degrees Awarded by Drake University». drake.edu. Drake University. 
  34. «Bill Bryson receives honorary doctorate». King's College London. 14 November 2012. «Bill Bryson OBE: the UK's highest-selling author of non-fiction, acclaimed as a science communicator, historian and man of letters.» 
  35. «Bill Bryson receives Honorary Doctorate». University Business. 26. juli 2015. Arkivert frå originalen 6. mars 2020. Henta 16 July 2018. 
  36. «Author Bill Bryson to receive honorary degree from UI». Iowa Now. 12. mai 2016. 
  37. «University of Winchester honours prominent figures at Graduation 2016». Arkivert frå originalen 4. januar 2017. Henta 3. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bill Bryson