Durham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Durham i Nord-Carolina.

Durham

Durhamkatedralen og elva Wear
Durhamkatedralen og elva Wear
Durhamkatedralen og elva Wear
Plassering
Durham is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap County Durham
Distrikt County Durham
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

29 091
Koordinatar 54°47′″N 1°34′″WKoordinatar: 54°47′″N 1°34′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer DH1
Telefon-retningsnummer 0 191
Commons har multimedium som gjeld: Durham

Durham er ein liten by i grevskapet Durham i Nordaust-England. Han ligg omkring 25 km sør for Newcastle. Elva Wear renn gjennom byen, og omkransar han på tre sider slik at Durham nærast ligg på ei halvøy. Durham er sentrum i distriktet City of Durham, som omfattar byen med omland, med eit folketal på ca 87 600 (2004). Han er òg administrasjonsby i grevskapet Durham.

I mellomalderen var Durham eit viktig politisk og religiøst sentrum, ikkje minst på grunn av den strategiske plasseringa nær grensa til Skottland. Grevskapet var eit palatinat, styrt av biskopen av Durham som hadde verdsleg makt og stort sjølvstyre. Det vart slått eigen mynt, og Durham hadde ein eigen hær. Med unntak av den første av dei normanniske biskopane, Walcher av Durham, var alle biskopane av Durham frå 1071 til 1836 fyrstbiskopar. Walcher hadde tittelen jarlebiskop.

Durhamkatedralen vart bygd frå 1093, og blir rekna av mange som den finaste katedralen i England. Han ligg på eit høgdedrag over elva, og dominerer byen. Relikviane av St Cuthbert er bevarte her.

Universitetet i Durham har fleire kollegium i sjølve byen og på Elvet Hill på den andre sida av elva. Durham slott, på den andre sida av Palace Green frå katedralen, har sidan 1837 vore ein del av universitetet. Katedralen og slottet er saman plassert på verdsarvlista til UNESCO.

I byen er Gertrude Bell fødd, ho var ei drivande kraft bak det arabiske opprøret under første verdskrigen og ved freden var ho med og trekte opp grensene som definerer dagens Irak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]