Hampshire
| Hampshire | |
|---|---|
| Geografi | |
| Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap |
| Opphav | Historisk |
| Region | Sør-England |
| Areal | 3 769 km² |
| Demografi | |
| Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
1 720 600 456,5 /km² |
| Etnisitet | 96,7 % kvite 1,3% sørasiatiske 2,0% andre |
| Distrikt | |
|
|
Hampshire (tidlegare stundom kalla Southamptonshire,[1] Hamptonshire,[2] eller County of Southampton,[3]) er eit grevskap på sørkysten av England. Grevskapet grensar til Dorset, Wiltshire, Berkshire, Surrey og West Sussex. Det har eit areal på 3769 km² og strekkjer seg på det lengste 90 km frå aust til vest og 65 km frå nord til sør. Administrasjonsstaden er Winchester og det har kring 1,7 millionar innbyggjarar. Det seremonielle grevskapet består av elleve distrikt i det administrative grevskapet samt dei sameinte styresmaktene Southampton og Portsmouth. Dei to byene vart sjølvstyrte i 1997 og har kring 1,6 millionar innbyggjarar. Christchurch og Bournemouth, som tidlegare låg i grevskapet, vart ein del av Dorset i 1974.
Hampshire er eit populært ferieområde med turistattraksjonar som dei mange kystbyane, området rundt Portsmouth og motormuseumet i Beaulieu. Nasjonalparkane New Forest og South Downs ligg i grevskapet. Hampshire har ei lang sjøfartshistorie og to av dei største hamnebyane i England, Portsmouth og Southampton, ligg ved kysten. Grevskapet er kjend som heimstadane til forfattarane Jane Austen og Charles Dickens og ingeniøren Isambard Kingdom Brunel.
Historie [endre]
Hampshire har tidlegare vorte kalla Southamptonshire, mellom anna på kart frå viktoriansk tid. Namnet vart offisielt endra til Hampshire 1. april 1959.
Isle of Wight vart tidlegare, i seremonielle samanhenger, rekna som ein del av som en del av Hampshire, men har vore eit eige administrativt grevskap sidan 1890 og eige seremonielt grevskap sidan 1974. Det einaste formelle administrative bandet mellom dei to grevskapa er den felles politistyrken.
Bakgrunnsstoff [endre]
- / Basingstoke Karate og Martial Arts Academy
- Hampshire grevskapsråd
- Gåturar i Hampshire
- Bilete av Hampshire
- Attraksjonar i Hampshire
- Gamle flyfoto av Portsmouth
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hampshire» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Grant, Russell (1989). The Real Counties of Britain. Oxford: Lennard Publishing. ss. 61. ISBN 1-85291-071-2.
- ↑ Cox, Thomas (1738). Magna Britannia, Antiqua et Nova, A Survey of England, wherein to Camden's Topographical Account is added a more large History of Cities, Towns, Boroughs, Parishes and Places.
- ↑ Encyclopædia Britannica, 1911. "Hampshire".
|
|
||
|---|---|---|
| Bedfordshire · Berkshire · City of Bristol · Buckinghamshire · Cambridgeshire · Cheshire · Cornwall · Cumbria · Derbyshire · Devon · Dorset · Durham · East Riding of Yorkshire · East Sussex · Essex · Gloucestershire · Hampshire · Herefordshire · Hertfordshire · Isle of Wight · Kent · Lancashire · Leicestershire · Lincolnshire · City of London · Merseyside · Norfolk · Northamptonshire · Northumberland · North Yorkshire · Nottinghamshire · Oxfordshire · Rutland · Shropshire · Somerset · South Yorkshire · Staffordshire · Stor-London · Stor-Manchester · Suffolk · Surrey · Tyne and Wear · Warwickshire · West Midlands · West Sussex · West Yorkshire · Wiltshire · Worcestershire | ||