Arbeidernes kommunistparti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arbeidernes kommunistparti
Forkorting: AKP
også kalla AKP(m-l)
Grunnleggjande
Verka 19732007
Ungdomsorganisasjon Raud Ungdom
Partiavis Klassekampen
Statistikk
Tilknytingar
Avløyst av Raudt
Nettstad: www.akp.no/index-2.html


Arbeidernes kommunistparti (AKP) var eit norsk kommunistisk parti frå 1973 til 2007. AKP har aldri stilt til val, men oppretta i si tid Raud Valallianse saman med andre sosialistiske rørsler og enkeltpersonar, for at RV skulle representere partiet i val. RV vart i 1991 ein sjølvstendig partiorganisasjon, men vart i 2007 slege saman med AKP i det nye partiet Raudt.

Akp gav ut tidsskriftet Rødt!, tidlegare Røde Fane. Partiet gav òg dei siste åra ut ei månadleg gratisavis med namnet akp.no. Avisa Klassekampen har vore sterkt knytt til partiet, og AKP var fram til nedlegginga av partiet største aksjonær i avisa.

Ungdomsfylkinga til AKP heitte Raud Ungdom. Raud Ungdom har no slutta seg til det nye partiet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

AKP vart tufta med namnet «Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene)» (AKP(m-l)) i 1973. Partiet sprang ut frå Sosialistisk Ungdomsforbund (ungdomsorganisasjonen i dåverande Sosialistisk Folkeparti). Partiet bygde politikken sin på «marxismen-leninismen Mao Tsetungs tenkning», og var eitt av dei sterkaste ml-partia i Europa70-talet. Mellom anna avisa Klassekampen og Forlaget Oktober har opphavet sitt i AKP. Partiet var òg ein viktig del av solidaritetsarbeidet for Vietnam og Palestina og i kvinnerørsla.

På 70-talet var AKP ein elitistisk organisasjon, styrt av ei hard kjerne med djupt overtydde og skulerte marxist-leninistar. I denne gruppa er dei mest kjende namna Tron Øgrim, Sverre Knutsen, Sigurd Allern og Pål Steigan.

I boka «På den himmelske freds plass», Aschehoug, 1985 skriv Pål Steigan at ml-rørsla kulminerte i 1978. På denne tida var ungdomsopprøret langt på veg over, og dei fleste sosialistregima i verda var byrja å rakne. Brotet mellom Arbeidets Parti i Albania (som Mao Tse Tung tidlegare hadde omtala som «det sosialistiske fyrtårnet i Europa») og Kinas Kommunistiske Parti førte til store og varige splittingar i heile den internasjonale ml-rørsla, men her tok AKP eit klårt standpunkt for maoismen i Kina og fekk ikkje dei same problema med splitting som råka ml-rørsla i t.d. Danmark og Sverige. Partiet var sterkt knytt til Kina trass i aukande kritikk mot m.a. den kinesiske kulturrevolusjonen gjennom 80-talet. Dei endelege banda til Kina vart brotne etter den store demonstrasjonen på Den Himmelske Freds Plass i 1989.

AKP støtta ikkje Sovjetunionen, slik Norges Kommunistiske Parti gjorde. AKP meinte Sovjetunionen etter Josef Stalin døydde blei endra til ei farleg imperialistmakt, til liks med USA. Utover 70-talet vart nabolandet rekna som ei så stor fare at partiet studerte - og gav ut bøker om - tema som «Geriljakrigføring i Norge» og «Slik er Sovjets hær».

Samanbrotet i Aust-Europa mellom 1989 og 1990 sende partiet inn i ei ideologisk krise, trass i at AKP hadde vore krasse motstandarar av desse regima. I samband med det gjorde ein Raud Valallianse uavhengig av partiet, og fleire medlemmer valde å satse utelukkande på RV sitt arbeid i Stortinget og i fylkes- og kommunestyre rundt om i landet. Avisa Klassekampen vart òg til dels gjort meir uavhengig av partiet.

90-talet gjekk partiet gjennom omfattande nyorienteringsprosessar, utan å gå vekk frå det revolusjonære grunnsynet. I 1997 iverksette AKP ei rekrutteringskampanje, hovudsakleg retta mot nye generasjonar. Partiet sa at den hadde ført til ei viss grad av fornying frå den nedovergåande tendensen som hadde gjort seg gjeldande frå slutten av 70-talet.

I 2005 vart det på Raud Valallianse sitt landsmøte lagt fram forslag om å starta ein prosess for å slå saman RV og AKP. Dette forslaget vart vedteke i båe partia og fekk tilslutnad frå Raud Ungdom. Prosessen førte fram til samanslåinga av partia våren 2007, og stiftinga av partiet Raudt.

Partileiarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]