Bjørnekjeks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjørnekjeks
Bjørnekjeks
Bjørnekjeks
Foto: Christian Fischer
Vitskapleg namn
Heracleum sphondylium
Utbreiing

Status i Noreg: LC Livskraftig
Habitat: terrestrisk
Region: Eurasia, Nord-Afrika
Systematikk
Rike: Plantar
Familie: Skjermplantefamilien
Slekt: Bjørnekjeksslekta
H. sphondylium

Bjørnekjeks (Heracleum sphondylium) er ein plante i skjermplantefamilien. Han kan bli ein og ein halv meter høg og blomstrar med kvite blomar frå juni til oktober. Plantesafta av bjørnekjeks er etsande, særleg når ho blir utsett for sollys (fotosensibilisering), og kan gi kraftige utslett.[1]

Bjørnekjeks veks i Eurasia og Nord-Afrika. Plantane er vanlege i heile Noreg, der ein også finn underartane sibirbjørnekjeks (Heracleum sphondylium sibiricum) og kystbjørnekjeks (Heracleum sphondylium sphondylium).[2] Plantane er ueigna til dyrefôr, og er rekna som ugras i enger og beite.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bjørnekjeks kan gi kraftig hudreaksjon», helsenorge.no
  2. Bjørnekjeks i Artsportalen
  3. «Bjørnekjeks» (4. desember 2009), Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bjørnekjeks