Bjerkvik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 68°32′55″N 17°33′40″E

Bjerkvik kyrkje
Bjerkvik kirke.jpg
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Sør-Hålogaland
Prosti:  Ofoten
Fellesråd:  Narvik
Sokn:  Bjerkvik
Innvigd:  14. aug. 1955
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Arnstein Arneberg og Per Solemsli
Materiale:  Betong
Kyrkjerommet
Altartavle:  Axel Revold
Commons-logo.svg
Bjerkvik kyrkje på Commons

Bjerkvik kyrkje ligg i Bjerkvik i Narvik kommune i Nordland. Ho høyrer til Bjerkvik sokn i Ofoten prosti.

Kyrkja er ei langkyrkje i betong og tegl med 320 sitjeplasser. Ho vart vigsla den 14. august 1955 av biskop Wollert Krohn-Hansen. Arkitektar for kyrkja var Arnstein Arneberg og Per Solemslie. Altarbildet i kyrkja er måla av Axel Revold.

Den første kyrkja i Bjerkvik vart bygd i 1914, men ho brann då Bjerkvik vart skoten i brann av allierte krigsskip natt til 13. Mai 1940.

Bakgrunnsstoff og kjelder[endre | endre wikiteksten]