Blackburn Rovers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blackburn Rovers
Fullt namn Blackburn Rovers
Kallenamn Rovers
Grunnlagd Ukjend
Heimebane Ewood Park,
Blackburn
(Kapasitet: 31 367)
Styreleiar Robert Coar
Hovudtrenar Sam Allardyce
 liga   = Premier League
Heimedrakt
Bortedrakt

Blackburn Rovers Football Club er ein engelsk fotballklubb som spelar i Football League Championship (2. nivå). Klubben vart stifta i 1875, og var ein av dei 12 klubbane som starta The Football League i 1888. «Rovers», som er kallenamnet til Blackburn, spelar heimekampane sine på Ewood Park i Blackburn. Byen Blackburn ligg i den engelske regionen Nordvest-England, omtrent fire mil nord for Manchester.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rundt århundreskiftet var Blackburn blant dei største i England.

Etter 1930 gjekk det lenger tid mellom dei store triumfane, heilt til pengesterke Jack Walker dukka opp på byrjinga av 1990-talet. Han hadde opparbeidd seg ei formue i stålindustrien, og brukte på sine eldre dagar denne til å støtte klubben han elska. Dette gjorde at Blackburn i 1992 rykte opp i øvste divisjon, etter at Liverpool-legenden Kenny Dalglish hadde overteke manageransvaret, og med hjelp av ein målfarleg Alan Shearer vann klubben sitt tredje ligagull i 1995.

Men berre fire år seinare rykte dei ned, etter mange feilslåtte spelarkjøp. To sesongar vart spelte i fyrste divisjon, før klubben i 2001 rykte opp att, denne gongen med Graeme Souness ved roret. Året etter vann klubben ligacupen, etter å ha slege Tottenham 2-1 i finalen på Millennium Stadium i Cardiff.

Den beste sesongen til klubben etter opprykket har førebels vore 2002/2003-sesongen, då det vart 6. plass og kvalifikasjon til UEFA-cupen.

I dag er det den tidlegare Manchester United-helten Mark Hughes som er manager i Blackburn. Han trekte seg som landslagssjef for Wales for å kunne ta jobben. Hughes spela i klubben frå 2000 til 2002, og fekk med seg opprykk og ligacupsiger.

Meritt[endre | endre wikiteksten]

TROFE ANTAL ÅR
Ligameister 2 1911/12, 1913/14
Premier League 1 1994/95
FA-cupen 6 1884, 1885, 1886, 1890, 1891, 1928
Ligacupen 1 2002
FA Charity Shield 1 1912
Full Members Cup 1 1987
FA Youth-cup 1 1959
  • Vinnar av 2. divisjon: 1938/39.
  • Vinnar av 3. divisjon: 1974/75.
  • Finalist i FA-cupen: 1882 og 1960.

Nordmenn i Blackburn Rovers[endre | endre wikiteksten]

Blackburn har hatt fleire kjende nordmenn i stallen. I tillegg til Henning Berg og Morten Gamst Pedersen, har Lars Bohinen, Tore Pedersen, Egil Østenstad, Stig Inge Bjørnebye og Martin Andresen alle spela for Blackburn.

Blackburn sine managerar[endre | endre wikiteksten]

Manager Periode Manager Periode
Thomas Mitchell (1884-1896) Johnny Carey (1970-1971)
J. Walmsley (1896-1903) Ken Furphy (1971-1973)
R. Middleton (1903-1925) Gordon Lee (1974-1975)
Jack Carr (1925-1926) Jim Smith (1975-1978)
Bob Crompton (1926-1930) Jim Iley (1978)
Arthur Barritt (1931-1936) John Pickering (1978-1979)
Reg Taylor (1936-1938) Howard Kendall (1979-1981)
Bob Crompton (1938-1941) Bobby Saxton (1981-1986)
Eddie Hapgood (1944-1947) Don MacKay (1987-1991)
Will Scott (1947) Kenny Dalglish (1991-1995)
Jack Bruton (1947-1949) Ray Harford (1995-1997)
Jackie Bestall (1949-1953) Roy Hodgson (1997-1998)
Johnny Carey (1953-1958) Brian Kidd (1998-1999)
Dally Duncan (1958-1960) Tony Parkes (1999-2000)
Jack Marshall (1960-1967) Graeme Souness (2000-2004)
Eddie Quigley (1967-1970) Mark Hughes (2004-

Spelarstall 2010/2011[endre | endre wikiteksten]

(1. september 2010) Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til England MV Paul Robinson
3 Flagget til Sverige F Martin Olsson
7 Flagget til Australia M Brett Emerton
8 Flagget til England M David Dunn
9 Flagget til Kroatia A Nikola Kalinić
10 Flagget til Senegal M El Hadji Diouf
11 Flagget til Australia M Vince Grella
12 Flagget til Noreg M Morten Gamst Pedersen
13 Flagget til England MV Mark Bunn
15 Flagget til Frankrike M Steven N'Zonzi
Nr. Posisjon Spelar
17 Det irske flagget M Keith Andrews
19 Det irske flagget A Aaron Doran
21 Flagget til Zimbabwe A Benjani Mwaruwari
29 Det irske flagget F Gavin Gunning
31 Flagget til Skottland F Grant Hanley
32 Flagget til Wales MV Jason Brown
33 Flagget til England F Josh Morris
34 Flagget til England MV Frank Fielding
39 Flagget til Frankrike F Pascal Chimbonda

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Fotball | Premier League | 2010/11-sesongen

Arsenal | Aston Villa | Birmingham City | Blackburn Rovers | Blackpool | Bolton Wanderers | Chelsea | Everton | Fulham | Liverpool | Manchester City | Manchester United | Newcastle United | Stoke City | Sunderland | Tottenham Hotspur | West Bromwich Albion | West Ham United | Wigan Athletic | Wolverhampton Wanderers |