Bladhøns
| Bladhøns | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Jacanidae | |
Bladhøns er ein biologisk familie Jacanidae av åtte artar tropiske vadefuglar. Det mest karakteristiske trekket ved bladhøns er enorme føter og klør som gjer dei i stand til å vandre rundt på flytande vegetasjon på grunne innsjøar.
Dei har spisse nebb og avrunda venger, og mange artar har også hudlappar på i panna. Hoene er større enn hannane. Som hos symjesnipene tar hannfuglane ansvar for ruging og nokre artar som gulpannebladhøna er polyandriske. Men vaksne av begge kjønn ser like ut, som dei fleste andre vade-, måse- og alkefuglar. De konstruerer relativt spinkle reir på flytande vegetasjon, og legg egg med mørke uregelmessige linjer på skala som gjev kamuflasje blant ugras i vatnet.
Kosthaldet er insekt og andre virvellause dyr som dei plukkar frå den flytande vegetasjonen eller frå vassflata.
Dei fleste artane er standfuglar, men fasanbladhøner migrerer frå nordlege del av utbreiingsområdet sør til den indiske halvøya og til Søraust-Asia.
Artar [endre]
Bladhøns i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2008 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
- Dvergbladhøne, Microparra capensis
- Afrikabladhøne, Actophilornis africanus
- Madagaskarbladhøne, Actophilornis albinucha
- Kambladhøne, Irediparra gallinacea
- Fasanbladhøne, Hydrophasianus chirurgus
- Bronsebladhøne, Metopidius indicus
- Gulpannebladhøne, Jacana spinosa
- Raudflikbladhøne, Jacana jacana
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger dels på «Jacana» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2009
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- Clementslista frå desember 2008. Nedlasting av lista, lese 19. september 2009
Fotnotar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Bladhøns-videoar på Internet Bird Collections