Bleik piggsopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blek piggsopp

Bleik piggsopp (Hydnum repandum) er ein matsopp som er lett å kjenne att på dei karakteristiske piggane på undersida av hatten. Desse piggane er sprø og kvite eller lyst kremgule. Oversida av hatten er kvelva og gjerne uregelmessig bølgja. Den er kjøtfull og gulkvit på farge, somme tider med lyseraudt skjær. Om lag 5 - 15 cm brei, men oftast ganske liten. Foten er kraftig og kjøtfull og har omtrent same fargen som hatten. Kjøtet på soppen er fast og kvitt med mild smak. Kan vere beiskare hjå eldre eksemplar.

Bleik piggsopp er vanleg over heile landet og veks samanfiltra i rekkjer eller ringar i både lauv- og barskog.