Blodberberis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blodberberis


Skot av hekkplanta blodberberis før blomstring
Skot av hekkplanta blodberberis før blomstring

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Berberidopsidales
Familie: Berberidaceae
Slekt: Berberis
Art: B. thunbergii
Vitskapleg namn
Berberis thunbergii 'Atropurpurea'

Blodberberis (Berberis thunbergii 'Atropurpurea'/'Atropurmureum' ) er den mørkeraude varianten av planta haustberberis (Berberis thunbergii) i berberisslekta, som inngår i berberisfamilien. Den er normalt skore ned til ei høgd på 80-120 cm, og er ein vanleg hekkeplante i norske hagar. Ved fri vekst blir ho lett 4 meter høg.

Blodberberis har blodraude til lilla, avlangt runde eller eggeforma blad som smalnar ned i kileform mot den korte bladstelgelen. Planta har skarpe, 1-2 cm lange piggar som stikk ut i hjørnet ved bladfestet. Piggane er lyse og står om lag 90 grader rett ut frå den raud-lilla, stive plantestengelen.

Blomstrene er gule eller gul-raude med blomstring ca. 25.mai i Oslo-området (fire veker etter lauvsprett), medan bæra er heilt raude og 5-8 mm lange. Planta er nøysam og hardfør, ho er opphavleg ei fjellplante frå Japan og teler godt å skjerast or.

Haustberberis vart innført frå Japan til Russland av botanikeren Carl Johan Maksimovitsj frå 1864 og vart straks populær i hagar og parker i Europa. Blodberberis kom til Nederland i 1913. Ho er både hageplante og forvilla i Noreg, og spreier seg ikkje minst langs kysten.

Kultivaren småblodberberis stammar frå Boskoop i Nederland (van Eck 1942). Blada er purpurrøde, men dei er lysare om våren og hausten. Dersom blada blir utvikla i skugge, blir dei nesten heilt grønne. Frø frå kultivaren kan gi plantar med både raude eller grønne blad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]