Blodstorkenebb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blodstorkenebb


Status i Noreg: LC Livskraftig

Geranium sanguineum 01.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Geraniales
Familie: Storkenebbfamilien
Slekt: Storkenebbslekta
Vitskapleg namn
Geranium sanguineum

Blodstorkenebb (Geranium sanguineum) er ein plante i storkenebbslekta. Han har rosaraude blomar og flikete blad, og kan bli 20-50 cm høg.

Veksestaden er gjerne tørre bakkar, strandberg og varme skogkantar. I Noreg er planten vanleg på Austlandet, og veks i kyststrøk til Fusa i Hordaland.

0 Geranium sanguineum 'Striatum'
Blome.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blodstorkenebb har flikete blad med «fingrar» som går regelmessig ut frå bladfestet. Dei er festa tre og tre heilt eller nesten heilt inne ved bladfestet på bladstilken.

Blomane har fem kronblad og er nesten runde, med sterk rosa eller rosa-raudlilla farge. Dei sit enkeltvis på lange stilkar. Frukta er 3,4 cm lang og nebbliknande, og har slik gjeve namn til planten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blodstorkenebb
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.