Bodrog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bodrog
Elvane Tisza og Bodrog sett frå lufta
Elvane Tisza og Bodrog sett frå lufta
Utspring Ondava og Latorica
Munning Tisza
Land i nedslagsfelt Flag of Slovakia.svg Slovakia
Ungarn Ungarn
Lengd 67 km
Middelvassføring 115 m³/s
Nedslagsfelt 13 579 km²

Bodrog er ei elv aust i Slovakia og nordaust i Ungarn og ei av sideelvane til Tisza. Bodrog vert danna der elvane Ondava og Latorica renn i hop nær Zemplin aust i Slovakia. Ho kryssar grensa til Ungarn nær landsbyen Felsőberecki (nær Sátoraljaújhely) i Ungarn og Streda nad Bodrogom i Slovakia, der ho dannar det lågaste punktet i Slovakia (94,3 meter over havet), og held fram gjennom det ungarske fylket Borsod-Abaúj-Zemplén. Ho munnar ut i Tisza i Tokaj. Ein by langs elva er Sárospatak i Ungarn.

Lengda er 67 km (15 i Slovakia og 52 i Ungarn). Ho har eit nedslagsfelt i 13 579 km² der 972 km² er i Ungarn. Elva er rik på fisk.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]