Boethius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anicius Manlius Severinus Boëthius, best kjend som Boethius, fødd om lag 480, og daud om lag 524, var ein romersk filosof som verka i skjelet mellom seinantikken og mellomalderen. Han er mest kjend for verket De consolatione philosophiae (Filosofiens Trøyst), frå 523, skriven medan han sat i fangenskap hjå Theoderik den store.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Boethius vart fødd i Noricum om lag 480 eller 482. Faren var konsul, og døydde ikkje lang tid etter 487. Guten vart teken inn hjå ein framtredande senator, Symmachus, som gav han den naudsynte utdanninga, og opna for filosofi og litteratur. Boethius vart godt skolert i skriftene til Cicero.

Boethius kom til å leva under Theoderik den store det meste av livet, og såg korleis austgotarane la under seg Italia. Han tok tidleg til med skriving, og laga først ei handbok i aritmetikk, på grunnlag av gresk reknekunst. Boethius akta å omsetja den greske fagkrinsen til latin, og heldt fram med musikk, geometri og astronomi, som han samla under nemninga Quadrivium (Krossveg). Det meste av desse verka er no tapte, men skriftene hans om musikk er framleis ivareteke, og sette standard for musikkforståinga opp gjennom mellomalderen. Boethius sette og ei rettesnor for høgare utdanning, og definerte Artes Liberales i eit system som ikkje vart utfordra før i renessansen. Boethius avgrensa desse "artes" til sju, der dei hadde vore ni på gresk. Han bygde på filosofen Varro då han gjorde dette verket.

Boethius vart gift med dotter til Symmachus, Rusticiana, og fekk to søner med ho. Han skreiv seinare at samlivet var lykkeleg. Læreverket gjorde han kjend, og han vart snart beden om å virke som sendemann for Theoderik. Slik vart han blanda inn i politikken i samtida.

Etter å ha skrive om dei grunnleggjande faga, tok han for seg logikken som fagfelt. No bygde han på Aristoteles, og akta å byggje ein einskapleg filosofi i same lei som forgjengarane. Han skreiv og eit stort verk om Teologi, og det er sagt han la grunnsteinen for den mellomalderlege skolastikken. Mange av desse verka lever etter han i dag.

Fram til 522 var Boethius i medvind. Han fekk stor heider av Theoderik, og roste kongen att i det romerske senatet. Theoderik gjorde han til øvste embetsmann i staten. Ikkje lenge etter fall han i vanvørdnad og vart kasta i fengsel. Dette skuldast mellom anna eit oppgjer med arianismen, og attåt rivingar mellom fraksjonar i hoffet, der han ofte sette gjennom viljen sin mot viljen til gotiske adelsmenn. Desse vart arge på han for dette. Boethius fekk og problem med romerske embetsmenn, og samstundes fekk Theoderik andre sjølv politisk motvind, og kom i strid med keisaren i Austromarriket, og med vandalane i Afrika. Etter dette døydde sonen hans, og det vart tvil om arverekkja. Nett på denne tida var Theoderik ved å misse grepet av di han vart gamal, og då var det rimeleg han fann ein syndebukk. Dette vart Boethius.

Boethius vart kasta i fengsel i august 523, utan at han heilt skjøna sjølv kvifor. Han vart dømd til dauden og avretta 23. oktober 524. Familien fekk oppreising i 526 etter at Theoderik var avliden.

Filosofiens trøyst[endre | endre wikiteksten]

Medan Boethius sat på cella og venta på rettargang, skreiv han hovudverket sitt, ein dialog med filosofien, som syner seg som ei fager kvinne. Ho trøyster han og fortel kor viseleg alt er laga. I verket drøftar dei lagnad og fri vilje, lykke, vondskap og menneskelege kår. Grunnsynet er svært Platonsk, og han trøyster seg med av vondskapen ikkje varar ved, og at det gode er sterkare. Gud er grunnleggjande god. Eit førande omgrep i verket er forsyn, ein lekk mellom lagnad og fri vilje, som gjer det mogleg for menneska å ta val innanfor gjevne grenser. Verket kom til å halde seg som filosofisk skole i mellomalderen, og i den katolske kyrkja.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!