Pavia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pavia
Gate i sentrum av Pavia
Gate i sentrum av Pavia
Byvåpenet til Pavia
Byvåpenet til Pavia


Plassering
Pavia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Pavia
Borgarmeister Piera Capitelli
Geografi
Flatevidd
 - By

62 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

71 486
  1146/km²
Koordinatar 45°11′″N 9°9′″EKoordinatar: 45°11′″N 9°9′″E
Høgd over havet 77 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 27100
Telefon-retningsnummer 0382
Nettstad: www.comune.pavia.it

Pavia (i antikken Ticinum) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pavia i regionen Lombardia og har om lag 70 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 35 km sør for Milano ved elva Ticino like før ho munnar ut i Po.

Pavia ligg i ein frodig provins som er kjend for jordbruksprodukt som vin, ris, korn og mjølkeprodukt. Nokre industriar i forstadane uroar ikkje den fredlege atmosfæren som kjem av at byen si fortid er bevart.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pavia har ei historie som går tilbake til førhistorisk tid (då kjend som Ticinum) og var ein kommune og viktig militærstasjon under Romarriket.

I 476 klarte Odoacer å slå Flavius Orestes her etter ei lang omleiring. Som straff for at byen hadde støtta rivalen hans raserte han byen totalt. Orestes klarte å rømme til Piacenza, men Odoacer fylgde etter han og tok livet av han der. I tillegg avsetta han sonen til Orestes, Romulus Augustus, og dette vert generelt rekna som slutten på Vestromarriket.

Seinare fekk byen namnet Papialatin (truleg forbunde til paven), som utvikla seg til det italienske Pavia. Stundom vert han kalla Ticinum Papia på latin, ein kombinasjon av begge namna.

Under gotarane vart det bygd festningsverk i Pavia og var den siste skansen deira i krigen mot Belisarius.

Etter at langobardane erobra området vart Pavia hovudstad i kongedømet deira. Under hertugane si regjeringstid vart han styrt av Zaban. Han haldt fram som det administrative senteret i kongedømet, men under regjeringstida til Desiderius hadde forsvarsverka vorte svakare og Karl den store tok byen i omleiringa i Pavia (juni 774). Pavia vart verande hovudstad i Kongedømet Italia og var senteret for kongelege kroningar fram til keisaren sin autoritet over området vart svakare på 1100-talet.

På 1100-talet fekk Pavia status som fri kommune. I den politiske striden mellom Welf og Ghibellini støtta Pavia tradisjonelt Ghibellini, eit val som bar like mykje preg av rivaliseringa med Milano som motstand mot keisaren. Pavia vart derfor med i Det lombardiske forbundet mot keisar Fredrik Barbarossa, som prøvde å styrke keisaren sitt styre i Italia.

Viscontislottet sett frå sida.

Dei neste hundreåra var Pavia ein viktig og aktiv by. Med Pavia-traktaten gav keisar Ludvig IV fyrstedømet til bror sin, hertug Rudolf. Pavia klarte lenge å stå imot makta i Milano, men vart til slutt underlagt Visconti-familien frå 1359. Under Visconti vart Pavia eit intellektuelt og kunstnerisk senter og i 1361 vart Universitetet i Pavia grunnlagd, som særleg baserte seg på rettsvitskap.

Slaget ved Pavia (1525) markerte eit skilje i historia til byen og frå den tid endra det gamle skiljet mellom dei som støtta paven og dei som støtta den tysk-romerske keisaren seg til eit skilje mellom dei som støtta franskmennene (som var alliert med paven) og dei som støtta keisaren og kongen av Spania, Karl V. Så under dei italienske krigane mellom Valois og Habsburg støtta Pavia keisaren (og spanjolane) si side. Etter at kong Frans I av Frankrike kom byen inn under Spania fram til 1713. Pavia vart så styret av austerrikarane fram til 1796 då han vart okkupert av den franske hæren under Napoleon.

I 1815 gjekk byen tilbake til austerriksk styre fram til den andre italienske sjølvstendekrigen (1859) og samlinga av Italia eit år seinare.

Kyrkjer i Pavia[endre | endre wikiteksten]

San Michele Maggiore-kyrkja

San Michele Maggiore[endre | endre wikiteksten]

San Michele Maggiore er eit av dei viktigaste døma på den romanske stilen i Lombardia. Den opphavlege kyrkja var frå longobardo perioden, men brann ned i 1004. Den noverande bygningen vart startaet mot slutten av det 1000-talet og stod ferdig i 1155. Den nedre delen av fasaden har skulpturar av sandstein. Desse er skrøpelege og i dag kraftig erodert.

Fasaden til Certosa di Pavia

Certosa di Pavia[endre | endre wikiteksten]

Certosa of Pavia er ei praktfull samling av bygningar og hagar som høyrer til karteuserordenen. Det ligg om lag 8 km nord for Pavia. Konstruksjonen starta i 1396 og haldt fram med kontinuerlege tillegg og nye dekorasjonar fram til 1700-talet. Klosteret er framleis brukt av munkane, men er ope for vitjande.

Domkyrkja[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av den oktagonale domkyrkja starta i 1488, men vart ikkje ferdigstilt før i 1898. Kuppelen er den tredje største i Italia, etter av Peterskyrkja i Roma og katedralen i Firenze.

San Pietro in Ciel d'Oro[endre | endre wikiteksten]

Forsking tyder på at det var ei kyrkje her frå 500-talet, men den moderne kyrkja stammar frå 1132. Fasaden, kuppelen og golvet minner om San Michele Maggiore. Kyrkja inneheld relikviar etter Augustin av Hippo.

Andre byggverk[endre | endre wikiteksten]

Den gamle brua over Ticino[endre | endre wikiteksten]

Ponte Coperto

Det historiske sentrumet i Pavia ligg på venstresida av Ticino. På motsett side ligg Borgo Ticino, ein busetnad som låg utanfor dei gamle bymurane. Det historiske sentrumet og Borgo Ticino er forbunde med Ponte Coperto eller Ponte Vecchio («den gamle brua»). Brua vart bygd i tida 13511354, men vart øydelagd under den andre verdskrigen. Ein kopi er bygd i nærleiken av der den opphavlege brua låg.

Castello Visconteo[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av slottet i Pavia vart starta av Galeazzo II Visconti i 1360. Parken til slottet strekte seg opphavleg 10 km til Certosa di Pavia. Det er framleis ein park her, men han er ikkje knytt til slottet. I dag er det eit museum i slottet.

Universitetet i Pavia[endre | endre wikiteksten]

Universitetet vart grunnlagd i 1361 av Galeazzo II Visconti på ein stad der det òg tidlegare låg ein skule. Det sentrale bygget til universitetet vart bygd under Ludovico Sforza i 1490. Christofer Columbus var student her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pavia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]