Bogotá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bogotá, D.C.
Bogotaview.jpg
Flagget til Bogotá Byvåpenet til Bogotá
Flagget til Bogotá Byvåpenet til Bogotá

Kallenamn
«Latin-Amerikas Athen»
Motto
«Bogotá, 2600 metros más cerca de las estrellas
Bogotá, 2600 m nærare stjernene
»
Styresmakter
Land
Departement
Colombia
Bogotá, D.C
Grunnlagd 6. august 1538
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

1 587 km²
1 731 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2005)
   - folketettleik
 - Storbyområde

6 778 691
  4 528/km²
7 881 156
Høgd over havet 2 640 m
Diverse anna
Heimeside: www.bogota.gov.co
Plassering
Colombia-Bogotá-Cities.png

Bogotá, offisielt kalla Bogotá, D.C. (D.C. for «Distrito Capital», som tyder «Hovudstadsdistrikt»), òg kalla Santa Fe de Bogotá, er hovudstaden i Colombia, og den største byen i landet med nesten 6,8 millionar innbyggjarar (folketeljing 2005). Bogotá og Soacha, den største forstaden til hovudstaden, har eit estimert folketal på nesten 7,9 millionar innbyggjarar. [1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det colombiske nasjonalmuseet

Opphavleg vart byen kalla Bacatá av Muisca-folket, og var senteret for sivilisasjonen deira før conquistadorane koloniserte området, folketalet auka. Den europeiske busetjinga vart grunnlagd 6. august 1538 av Gonzalo Jiménez de Quesada, og vart kalla Santa Fé de Bacatá, etter fødestaden hans Santa Fé og det lokale namnet. «Bacatá» hadde vorte «Bogotá» då han vart hovudstad i Det nye kongedømet Granada, som då var ein del av Visekongeriket Peru, og seinare i Visekongeriket Ny-Granada. Byen vart snart eit senter for den spanske kolonimakta i Sør-Amerika

I 1810-11 revolusjonerte innbyggjarane mot det spanske styret, og sette ned si eiga regjering. Dei måtte derimot kjempe mot intern splid, og ein mellombels tilbakegang til spansk styre, som tok kontroll over byen igjen frå 1816 til 1819, då Simón Bolívar erobra han etter sigeren i Slaget ved Boyacá. Bogotá vart så hovudstad i Gran Colombia, ein føderasjon som inneheld områda av det som i dag er Panama, Colombia, Venezuela og Ecuador. Då denne republikken vart oppløyst til dagens inndeling, vart Bogotá verande hovudstad i Ny-Granada, som seinare vart Republikken Colombia.

I 1956 gjekk kommunen i lag med nabokommunane og danna eit «Spesielt Distrikt» (spansk: Distrito Especial). Med grunnlova frå 1991 vart Bogotá stadfesta som hovudstad i Colombia, fekk namnet «Santa Fe de Bogotá», og endra kategori frå Spesielt Distrikt til «Hovudstadsdistrikt» (spansk: Distrito Capital).

I august 2000 skifta hovudstaden offisielt namn frå Santa Fé de Bogotá til det meir vanlege Bogotá. Dei lokale styresmaktene består av Hovudstadsdistriktet, og den noverande ordføraren er Luis Eduardo Garzón.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

«Sabana de Bogotá», eit høgt platå

Bogotá ligg midt i landet, aust for Sabana de Bogotá, 2 640 meter over havet. Sjølv om «sabana» ordrett tyder «savanne», er den geografiske staden eigentleg eit høgt platå i Andesfjella.

Bogotáelva kryssar sabanaen og dannar Tequendamafossane i sør. Sideelvane dannar dalar med blømande landsbyar, der økonomien er basert på jordbruk, kvegavl og handverk.

Sabanen grensar i aust mot Austlege Cordillera i Andesfjella. Dei omliggande åsane, som hindrar byen i å vekse, går frå sør til nord, parallelt til Guadalupe- og Monserratefjella. I vest grensar byen mot Bogotáelva, Sumapaz paramo er grensa i sør, og i nord strekker Bogotá seg over platået til landsbyane Chía og Sopó.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vinter i Bogotá

Middeltemperaturen på platået er 14,0 °C, og varierer frå -8 °C til 20 °C. Ein har tørke og regntider gjennom året, og dei tørraste månadane er frå desember til mars, medan dei våtaste er frå april til november, men då har ein som regel ein periode frå juni til august der det regnar mindre.

Klimaforholda er uregelmessige og varierer ein del på grunn av klimafenomenet El Niño og La Niña, som oppstår i Stillehavet og som har stor innverknad på klimaet.


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Panoramabilete av Bogotá

Kjelder[endre | endre wikiteksten]