Bolsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For Bolsøy herad, sjå Bolsøy.
Bolsøya
Geografi
Norway - Bolsøya.png
Stad Romsdal
Koordinatar 62°43′48″N 07°18′08″EKoordinatar: 62°43′48″N 07°18′08″E
Areal 5,2 km²
Høgaste punkt Fårøyura (69 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Demografi
Folketal 274 (2004)
Folketettleik 53 /km²

Bolsøya er ei øy i Molde kommune i Møre og Romsdal. Øya ligg sør for Fannefjorden i Romsdalsfjorden og har eit areal på 5,2 km² og 274 innbyggjarar per 1. januar 2004. Den sørlege delen av Bolsøya heiter Fårøya, noko som truleg skuldast at dei to delane på den tida namna vart gjevne, tidleg i mellomalderen, truleg var fråskild på grunn av høgare vasstand. Det høgaste punktet på øya er 69,5 moh. og ligg på Fårøya.

Riksveg 64 mellom Molde og Åndalsnes kryssar øya, som er knytt til fastlandet gjennom Fannefjordstunnelen mot Molde og Bolsøybrua mot Skålahalvøya. Vegen er bompengefinansiert og vart nedbetalt sommaren 2005.

Den høgaste bautasteinen i landet, Trollpila står ved kyrkjegarden på Bolsøya. Kyrkja vart derimot rive i 1907.