Fannefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fannefjorden er ein om lag 25 km lang fjordarm av Romsdalsfjorden i Molde kommune i Romsdal. Fjorden er ei fortsetjing av Moldefjorden og startar mellom Årø og Bolsøya.

Han går austover avgrensa av stranda mellom Molde og Kleive via Røbekk og Hjelset i nord, og Skålahalvøya og Bolsøya. Fjorden er forholdsvis smal og vert kryssa av Fannefjordstunnelen langs riksveg 64 mellom Årø og Bolsøya. E39 går langs nordsida av fjorden.

Mellom Bolsøya og Skålahalvøya ligg Bolsøysundet, som vert kryssa av Bolsøybrua. Sør for sundet ligg Karlsøyfjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]