Bordtennis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bordtenniskamp.
Eit bordtennisbord med mål.

Bordtennis eller ping-pong er eit ballspel som vanlegvis blir spelt innandørs av to eller fire spelarar. Spelarane bruker ein racket til å slå ein celluloidball over eit nett som er spent opp på tvers av ei bordplate.

Med to spelarar blir det kalla singel, og med fire dobbel. I tillegg til singel og dobbel for menn og kvinner, kan ein også spela mixed dobbel og lagkonkurransar for menn og kvinner.

Racketen består av handtak og blad i tre med pålimt gummibelegg. Utforminga av gummibelegget kan variera, men i konkurransar må racketen ha ei svart og ei raud side. Ballen er hol og laga av celluloid, har ein diameter på 40 millimeter og veg 2,7 gram. Desse måla er forholdsvis nye, etter dei gamle måla skulle ballen vera 38 millimeter i diameter og ha ei vekt på 2,5 gram. Fargen skal vera kvit eller oransje.

Bordtennis vart olympisk idrettsgrein i 1988. Det er ein av dei mest populære idrettane i verda med over 300 millionar registrerte spelarar. I tillegg er bordtennis ein svært utbreidd sport på skular, barneheimar og liknande stader.

Korleis ein spelar[endre | endre wikiteksten]

Kvar ballveksling startar med at ein spelar med flat hand kastar ballen minst 16 centimeter opp i lufta og servar. Ballen skal først treffa eiga side av bordet og deretter gå over nettet og ned på motspelaren si side. Spelarane slår deretter vekselvis ballen over nettet utan at den treffer eiga side.

Det første slaget i ei ballveksling blir kalla ein serv. Dei neste slaga er returar. Det finst eigne reglar for korleis ein god (korrekt) serv og ein god retur skal gjerast. Dersom ein serv berører nettet, blir det omball, dvs. at serven må takast om att utan at det blir gitt poeng. I returen skal ballen slåast etter at den har treft eigen bordhalvdel og før den har treft golvet, kroppen eller anna. Returen skal deretter treffa motspelaren sin bordhalvdel. Dersom returballen berører nettkanten eller nettstolpen og deretter fell på rett side av bordet, reknar ein slaget som korrekt og spelet held fram. Det same gjeld om ballen blir slått rundt nettet (og til og med om den blir slått under den delen som stikk utanfor kanten av bordet).

Følgjande situasjonar gir poeng:

  • Motspelaren slår ein ikkje god serv (som ikkje er omball)
  • Motspelaren lukkast ikkje å slå ein god retur
  • Motspelaren hindrar ballen, dvs. kjem borti den med anna enn racketen før den har passert endelinja. (Til racketen reknar ein også handa ein held racketen med, opp til handleddet).
  • Motspelaren rører ved bordet med den frie handa
  • Motspelaren bevegar bordet

Kvar spelar servar to gonger i strekk, deretter går serven til motspelaren. Dersom stillinga blir 10-10, servar kvar spelar berre ein gong i strekk til settet er avgjort. Ein kamp består vanlegvis av fem sett, men i større konkurransar kan den gå over sju sett. Kvart sett blir vunne av den spelaren som først har fått 11 poeng eller meir med to poengs margin. Etter kvart sett byter spelarane side. I det siste og avgjerande settet byter spelarane side når ein av dei har fått fem poeng.

I ein serv eller returball kan ein skru ballen på ulike måtar som kan overraska motspelaren. Ein kan laga overskru, underskru og sideskru.

Kjende spelarar[endre | endre wikiteksten]

Kina er det leiande landet i bordtennis og har hatt mange store spelarar, som Ma Lin, Wang Liqin, Guo Yuehua, Chuang Tse-tung og Jiang Jialiang.

Sverige ligg også langt framme, og den beste svenske spelaren, ofte sett på som verdas beste gjennom tidene, er er Jan-Ove Waldner. Han har mellom anna teke to individuelle VM-gull og eitt OL-gull.

Andre store spelarar er ungararen Viktor Barna, svenskane Jörgen Persson (verdsmeister i singel i 1991) og Mikael Appelgren, og kviterussaren Vladimir Samsonov, som saman med Appelgren har teke flest EM-gull i singel (tre).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire versjonar av korleis bordtennisspelet har blitt til. Ein versjon går ut på at det byrja som eit tidsfordriv blant engelske offiserar på 1800-talet. Av rein keisemd skar dei runde kuler av sjampanjekorkane og tok loka av sigarkassane, og med desse reiskapane spelte dei. Bordtennisspelet spreidde seg i byrjinga av 1900-talet til resten av Europa og særleg til Asia. Ein produsent marknadsførte i ein tidleg fase bordtennisutstyret under merket "ping-pong" - eit namn som stadig er i bruk.

I Noreg tok interessa for bordtennis seg opp frå midten av 1920-talet. Bergen har heile tida vore tyngdepunktet, der Sportsklubben Brann skipa eige bordtennislag i 1927. Elles har Oslo og Sarpsborg vore viktige tyngdepunkt. Norges Bordtennisforbund vart skipa i Sarpsborg i 1946.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om historia på Norges Bordtennisforbund si heimeside, arkivert frå originalen 8. mai 2012, henta 30. juni 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]