Bore Valley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°16′S 36°31′W
Bore Valley
dal
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°16′S 36°31′W
Bore Valley is located in Antarktis
Bore Valley (Antarktis)

Bore Valley er ein dal, 1,3 km lang frå nord til sør frå Lewis Pass til Grytviken i Cumberland BaySør-Georgia. Han vart først kartlagt og namngjeve «Bores Dal» av Den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld i 1901–04, men forma Bore Valley har sidan vorte etablert. Han vart oppdaga av J. Gunnar Andersson frå den svenske ekspedisjonen og syner mange spor etter å ha vore dekt av is. «Bore» er det svenske ordet for Boreas, den greske guden for nordavinden. Maidalen, nord for Lewis Pass, vart opphavleg rekna som ein del av Bore Valley, men har sidan vorte rekna som ein eigen dal.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bore Valley» (innhald frå Geographic Names Information System).