Den svenske antarktisekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over ekspedisjonsruta (olivengrønt).
Otto Nordenskjöld

Den svenske antarktisekspedisjonen 1901–03 under leiing av Otto Nordenskjöld var den første svenske ekspedisjonen til Antarktis. Det var òg ein av dei første vitskaplege ekspedisjonane til det fór det meste uutforska kontinentet. Trass i at ekspedisjonen var spekka med strabasiøse opplevingar og problem, fekk han eit vellukka utfall og medverka til stor vitskapleg framgang.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 1900-talet vart Sverige gjerne rekna som ein moderne nasjon med interesse for vitskap og tekniske nyvinningar. Oppdaginga til Adolf Erik Nordenskiöld av Nordaustpassasjen og polarforskinga i Arktis hadde bidrege til eit godt rykte utanlands.[1] Allereie i 1889 hadde Adolf Nordenskiöld planar om ein antarktisekspedisjon, og under den sjette geografiske kongressen i London i 1898 hadde internasjonale forskarar sett fram ei rekkje spurnader andsynes det ukjende kontinentet. Så langt hadde først og fremst sel- og kvalfangarar rørt seg i området.

Førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Otto Nordenskjöld starta i 1899 planlegging av ein ekspedisjon med hensikt å utforske dei austre og nordre dela av den antarktiske halvøya. Han målbar planen sin for Svenska Sällskapet för Antropologi och Geografi i januar 1900. Etter ei kritisk gransking avslo likevel Kungliga svenska vetenskapsakademin søknaden om bidrag, og ekspedisjonen vart difor heilt privatfinansiert.[1]

Nordenskjöld deltok sommaren 1900 som geolog på ein dansk ekspedisjon til Aust-Grønland. Her fekk han høve til å lære seg danskane sin velutvikla polarteknikk, blant anna å køyre med hundespann. Han gjorde seg òg kjend med ekspedisjonsfartøyet «Antarctic», ei gammal, tremasta selfangstskute som han seinare kjøpte inn til sin eigen ekspedisjon.[2]

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Carl Anton Larsen vart utpeikt til kaptein på ekspedisjonsfartøyet «Antarctic». Larsen var ein erfaren norsk kaptein som allereie hadde gjennomført fleire sjøreiser i området. Vidare inngjekk den norske sledeføraren Ole Jonassen og ei norsk besetning på 15 mann.[3]

Vitskapsmennene vart verva blant dei naturvitskaplege fakulteta ved Uppsala universitet, og omfatta:

Ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Planen var opphavleg at ein forskargruppe under leiing av Nordenskjöld skulle utforske området omkring Antarktishalvøya og finne ein eigna plass for overvintringa, samstundes som Larsen og øvrige forskarar skulle utforske Weddellhavet. Deretter skulle «Antarctic» hente opp Nordenskjöld for deretter å returnere til Sverige våren 1903.[5][2] I lasten fanst dessuten material til ei hytte der forskarane skulle opphalde seg i vinterperioden.[6]

Utreise[endre | endre wikiteksten]

Den 16. oktober 1901 forlét «Antarctic» hamna i Göteborg. Same år starta fleire europeiske ekspedisjonar, blant andre Discovery-ekspedisjonen under leiing av Robert F. Scott. Ekspedisjonen nådde Buenos Aires den 15. desember, der ein lasta forsyningar[7] og tok ombord J.M. Sobral og F.W. Stokes. Den 21. desember fortsette reisa sørover og ein nådde Port StanleyFalklandsøyene på nyårsaftan.

Første sesong, 1902[endre | endre wikiteksten]

Pauletøya
Teikning over leirhytta på Snow Hill Island.
1 Antarktishalvøya, 6 Snow Hill Island, 7 Vega Island, 8 Seymour Island, 10 Paulet Island, A Hope Bay

Fartøyet fortsette og nådde Sør-Shetlandsøyane den 11. januar, og ein utforska nokre av øyane innan reisa fortsette sørover gjennom Antarctic Sound (oppkalla etter fartøyet). Den 15. januar oppdaga ein Hope Bay og fortsette mot Paulet Island. Herfrå fortsette ein deretter mot Seymour Island (som Larsen allereie hadde vitja 1892) der ein slo leir. Nordenskjöld fortsette så vidare sørover langs den ukjende kysten og kom så langt sør som 60° 10' S og 45° 7' V innan ein vende nordover 1. februar. Den 9. februar såg ein igjen land og valde no Snow Hill Island litt sør for Seymour Island til vinterleir. Nordenskjöld gjekk i land med fem andre og det vart lossa utrusting, proviant og hundar. «Antarctic» fortsette deretter å utforske øyar omkring Sør-Georgia. Her valde Larsen ut plassen for ein framtidig kvalfangststasjon og plassen vart namngjeven Grytviken. Til slutt nådde dei Falklandsøyane.[7]

Det tok Nordenskjöld si gruppe dryge to veker å setje opp leirhytta og eit lite skjul for magnetismeobservasjonar. Var betra seg i mars og det vart lagt ut fleire depot for bruk på turane langs kysten til sommaren. Utfartane vart avslutta 31. oktober og «Antarctic» var venta i byrjinga av januar.[7]

Dagbøkene fortel om kvardagsrutiner, heimlengsel og keisemd. Dårleg vêr til trass kunne ein endå utføre ein del turar der det vart samla inn dyre- og plantefossil og utført geologiske studium. Desse studia kom seinare delvis til å liggje til grunn for teoriane om kontinentaldrifta.

Bodman var på grunn av oppgåvene sine forhindra i å forlate leiren, og først i november fekk han høve til å sjå seg om i området. Saman med Ekelöf og sledeføraren Ole Jonassen gjennomførde dei det Bodman seinare kalla «En Picnic i Antarctis»: «Vår första dag afslutades med chateaubriand på kejsarpingvin jämte en kopp kaffe. Efter kvällsvarden in i våra sovsäckar med rockarne ihoprullade till huvudkuddar. Så togos piporna fram till en liten aftonrök och kommo vi öfverens om att icke allt för länge ligga och gona oss morgonen därpå.»[6][5]

Etter å ha overvintra på Falklandsøyane, forlét «Antarctic» hamna 5. november og sigla mot Ushuaia for å laste forsyningar. Det vart òg ført med meldingar til argentinske og svenske styresmakter om den planlagde ruta og leirplassane deira. «Antarctic» sigla sørover og Orléanssundet og Gerlachesundet vart kartlagt, før kursen vart lagt mot Antarctic Sound nærare leiren til Nordenskjöld. Istilhøva førde likevel til at skuta vart sitjande fast, og 29. desember vart det vedteke å setje i land Andersson, Duse og Toralf Grunden frå mannskapet. Dette var ved Hope Bay, og dei la igjen eit depot før dei drog i veg mot Snow Hill Island.[7]

Andre sesong, 1903[endre | endre wikiteksten]

«Antarctic» kom seg seinare laus og fortsette mot Paulet Island, der fartøyet den 9. januar igjen sat seg fast. Den 3. februar kom ho seg nok ein gong laus, men hadde no sprunge lekk så Larsen vilje freiste å strandsette henne på Paulet Island. Den 12. februar, om lag 40 kilometer før dei kom fram, sokk «Antarctic». Besetninga hadde likevel lukkast i å berge ein del forsyningar og utstyr, og dei fortsette den tunge vegen til fots mot Pauletøya. Først den 28. februar nådde dei fram og byrja å byggje ei steinhytte.[7]

Då tidspunktet for den planlagde tilbakekomsten til «Antarctic» nærma seg, skreiv Nordenskjöld i dagboka si 14. januar at det hadde gått «11 månader från den dag vi kommo hit. Ja, icke trodde jag då att det skulle bli så länge, och måtte nu ej följa 11 månader till, och kanske ytterligare 11, och framför allt måtte vi blott alla en gång komma härifrån». Sjøisen la seg etter ein storm 18. februar, og dei innsåg no at dei måtte vere nok ein vinter i leiren.[2]

Samstundes fortsette Andersson, Duse og Grunden mot Snow Hill Island, men det var utfordrande å orientere seg. Etter nokre veker avbraut dei forsøket og den 11. februar byrja dei å oppføre ei hytte ved Hope Bay med det avgrensa utstyret dei hadde med seg. Bygningen stod ferdig ein månad seinare, i tide til vintersesongen.

Ekspedisjonsmedlemmane livnærde seg på pingvinar, fugleegg og sel. Den 7. juni omkom Ole Christian Wennersgaard på Paulet Island.

Om våren var sundet til Vega Island framleis isdekt, og mannskapet la i veg den 29. september igjen mot Snow Hill Island og nådde Vega Island 9. oktober. Den 12. oktober møtte dei på Nordenskjöld som òg var på veg mot Vega Island under ein rekognoseringstur.[7]. Gruppa frå Hope Bay var så ustelte at Nordenskjöld ikkje først kjente dei att.

Samstundes sende Larsen ei gruppe til Hope Bay 31. oktober for å hente gruppa der. Då dei kom fram 4. november var leiren tom, og mennene hadde etterlate ei melding om at dei hadde drege mot Snow Hill Island. Nordenskjöld si gruppe vende no mot Seymour Island, dit òg Larsen no var på veg.

Berging[endre | endre wikiteksten]

I slutten av oktober vedtok den argentinske marinen å sende eit bergingsskip etter ikkje å ha høyrt frå ekspedisjonen på lengje. Korvetten «Uruguay» med kaptein Julian Irizar nådde fram til Seymour Island 7. november[5][7] og ein søkepatrulje vart sett i land. Patruljen fann først Bodman og Åkerlund i telta deira, og deretter Nordenskjöld si gruppe. Den 9. november forlét «Uruguay» Snow Hill Island og trefte etter kort tid på gruppa til Larsen som var på veg mot øya. Dagen etter forlét dei området og nådde fram til Buenos Aires den 2. desember. Den 10. desember sigla dei vidare på fartøyet «Tijuca» via Hamburg og kom omsider til Stockholm 10. januar 1904.

Òg i Sverige vart det i april planlagt og sett i verk ein leiteaksjon, men denne nådde fram først lengje etter bergingsaksjonen til argentinarane.[1]

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Ekspedisjonen mista ein mann og fartøyet sitt, men lukkast i å utføre mange undersøkingar og gjorde mange geografiske oppdagingar. Dei geologiske studiane la grunnlaget for kontinentaldriftsteorien.

Det skulle gå heilt til 1949 før Sverige i den Norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjonen gjennomførte ein ny ekspedisjon til dette kontinentet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Nordenskjöldartikkel Lisbeth Lewander, Göteborgs universitet
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Antarktisartikkel Universum.se
  3. Liste over mannskapet CoolAntarctica.com
  4. Stokesartikkel, AntarcticCircle.org
  5. 5,0 5,1 5,2 Bodmanartikkel Lisbeth Lewander, Göteborgs universitet
  6. 6,0 6,1 Ekelöfartikkel Eskilstuna Kuriren
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Otto Nordenskjöld, South-Pole.com

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Karlqvist, Anders (1985) Sweden and Antarctica – Stockholm Swedish Polar Research Secretariat. ISBN 91-970769-0-2.
  • Andersson, J. G. (1944) Antarctic – Saxon & Lindström.
  • Nordenskjöld, Otto. G. (1905) Antarctica – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]