Borg i Lofoten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 68°14′50″N 13°45′13″E

Høvdinghuset på Borg i Lofoten
Høvdinghuset i sine omgjevnader

Borg er eit høvdingsete i Nordland frå vikingtida i Vestvågøy kommune, Nordland, på nordsida av Vestvågøya i Lofoten. Her grov nordiske arkeologar i 1980-åra ut eit 83 meter langt hus (700 m2), det største huset som er kjent frå vikingtida. Huset har vore av tre, men på utsida var det ein ekstra vegg av torv, 1,5 meter brei nedst. Huset har tent både som bustad, fjøs og gildehall. Det var delt i fem rom, derav fjøset og gildehallen låg i dei to største. I fjøset har det vore rom for 50 kyr. Nede ved sjøen er det påvist tufter etter fleire store naust, det største 26 meter langt. Borg merkjer seg også ut ved kvaliteten på dei funne gjenstandane. I gildehallen, som er den einaste kjente frå norsk vikingtid, er det funne gullgubbar, importert keramikk og eksklusivt glas. Det økonomiske overskotet på Borg skriv seg truleg frå handel med varer frå Nord-Noreg, som pelsverk og kvalrosstenner. Vikingmuseet Lofotr held frå 1995 til i ein rekonstruksjon av vikingtidshuset.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]