Pelsverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pelsverk ved pelsmessa Mifur i Milano.

Pelsverk er pelsvarer og skinnutstyr, det vil seia klede og andre tekstil laga av pelsen til ulike dyr, som ku, kalv, sau, lam (persianar), mink, rev, røyskatt (hermelin) og ekorn (gråverk). Pels er eitt av dei eldste kledemateriala menneske har brukt, men er også blitt brukt i moderne tid, til dømes til å laga eller kanta kåper, kapper og hattar. Materialet kan vera varmt og mjukt og passar godt i vinterklede, men er også eit mykje brukt statussymbol fordi det er dyrt og kan sjå særs flott ut. Dyrvernarar går derfor gjerne ut mot pelsverk som unødvendig dreping av dyr.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pelsverk
Spire Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.