Bra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Bra

Bra er ein by og ein kommune i provinsen Cuneo i regionen Piemonte i Italia. Kommunen har i kring 30 000 ibuarar og ei flatevidd på 59 km². Byen, som ligg 285 meter over havet, ligg 50 km sør for Torino og 50 km nordaust for provinshovudstaden Cuneo.

Produksjon av ost er ei større næring i Bra, heimstaden til ostetypen bra. Annakvart år vert ein stor ostefestival arrangert i byen. Bra er fødebyen til aktivisten Carlo Petrini, grunnleggjaren av Cittàslow/Slow Food-rørsla; organisasjonen har også hovudkontoret sitt i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]