Bradford
|
Bradford |
||
|---|---|---|
| Bradford City Hall | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | West Yorkshire | |
| Distrikt | City of Bradford | |
| Grunnlagd | Mellomalderen | |
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
64,4 km² |
|
| Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
301 499 4 681,7 /km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | BD | |
| Telefon-retningsnummer | 01274 | |
| Nettstad: www.bradford.gov.uk | ||
Bradford [brædfəd] ligg i hjarte av City of Bradford, eit bydistrikt i West Yorkshire i Nord-England. Han ligg ved foten av Penninane, 14 km vest for Leeds og 25 km nordvest for Wakefield. Bradford vart ein kommune i 1847 og fekk bystatus i 1897.
Bradford har kring 300 000 innbyggjarar og er den 13. største byen i Storbritannia. Bradford er ein del av West Yorkshire byområde som i 2001 hadde 1,5 millionar innbyggjarar[1] og er ein del av Leeds-Bradford større byområde (LUZ), det tredje største i Storbritannia etter London og Manchester, med ein estimert folkesetnad på 2,4 millionar.[2]
Historisk var han ein del av West Riding of Yorkshire og vart viktig på 1800-talet som eit internasjonalt senter for tekstilproduksjon, særleg ull. Byen voks kraftig under den industrielle revolusjonen og av dei tidlegaste industrialiserte busetnadane. Han vart raskt «ullhovudstaden i verda».[3] I tillegg hadde område tilgang til kol, jernmalm og blautt vatn som gjorde at Bradford var eit produksjonssenter. Bradford har fin victoriansk arkitektur, mellom anna det storslåtte italianiserte rådhuset.
Tekstilindustrien i Bradford forsvann etter kvart frå midten av 1900-talet. Sidan den gong har Bradford vorte ein turistdestinasjon med attraksjonar som National Media Museum og Cartwright Hall. Bradford har likevel hatt liknande utfordringar som resten av dei post-industrielle områda i Nord-England, med deindustrialisering, bustadproblem, sosial uro og økonomiske nedgangstider.
Sidan 1950-åra har Bradford opplevd innvandring, særleg frå Mirpur i Pakistan. Bradford har den nest høgaste andelen av muslimar i England og Wales utanfor London. Det er estimert at det bur over 100 000 innbyggjarar med asiatisk opphav i byen,[4] som er kring 20,5% av innbyggjarane i byen. Dette taler er venta å auke til 28 % i 2011.[5] Bradford vert ofte omtalt som eit av dei beste døma på «parallelle samfunn», der folketalet effektivt lever fråskilde langs etniske, kulturelle og religiøse linjer.[6]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bradford» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ National Statistics (2005). «Focus on people and migration: chapter 3 The UK's major urban areas». p. 47. http://www.statistics.gov.uk/downloads/theme_compendia/fom2005/03_FOPM_UrbanAreas.pdf. Henta 8. juli 2011.
- ↑ «Urban Audit - City Profiles: Leeds». Urban Audit. http://www.urbanaudit.org/CityProfiles.aspx?CityCode=UK003C&CountryCode=UK. Henta 8. juli 2011.
- ↑ «History of Bradford». visitbradford.com. http://www.visitbradford.com/leisure-attractions/history-of-bradford.asp. Henta 8. juli 2011.
- ↑ Neighbourhood Statistics. «Check Browser Settings». Neighbourhood.statistics.gov.uk. http://www.neighbourhood.statistics.gov.uk/dissemination/LeadKeyFigures.do?a=3&b=276807&c=BRadford&d=13&e=13&g=379385&i=1001x1003x1004&o=254&m=0&r=1&s=1242686885322&enc=1. Henta 8. juli 2011.
- ↑ Smithard, Tom. «Fascism and Islamism thrive in Bradford - report». Yorkshire Post. http://www.yorkshirepost.co.uk/news/Fascism-and-Islamism-thrive-in.3810805.jp. Henta 8. juli 2011.
- ↑ «Kenan Malik's essay on the real value of diversity». kenanmalik.com. http://www.kenanmalik.com/essays/diversity.html. Henta 8. juli 2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell side
Reiseguide for Bradford frå Wikivoyage