Wakefield
|
Wakefield |
||
|---|---|---|
| Sentrum sett frå Sandal Castle | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | West Yorkshire | |
| Distrikt | City of Wakefield | |
| Geografi | ||
| Innbyggjarar - By (2007) |
79 894 |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | WF1,WF2 | |
| Telefon-retningsnummer | 01924 | |
Wakefield er ein by i West Yorkshire i England. Han ligg ved elva Calder, sør for Leeds, og inngår i den sameinte styresmakta City of Wakefield.
Byen var tidlegare eit sentrum for tekstilhandel, og området var frå den industrielle revolusjonen dominert av kolgruvedrift. Under den store gruvearbeidarstreiken i 1984 var alle gruver i umiddelbar nærleik av byen stengt, men det var 18 gruver igjen i resten av distriktet, og byen var prega av mange demonstrasjonar til støtte for gruvearbeidarane.
Wakefieldkatedralen vart restaurert av sir George Gilbert Scott. Han har eit spesielt kapell frå 1300-talet, som er éit av berre fire av sitt slag som er bevarte i England. Det er ei rekkje andre kulturelle attraksjonar i byen, blant anna Yorkshire Sculpture Park, Sandal Castle, National Coal Mining Museum for England, eit stort kunstgalleri og eit bymuseum (Wakefield Museum). I mai 2011 opna kunstmuseet The Hepworth Wakefield som er til minne om bilethoggaren Barbara Hepworth som vart fødd i Wakefield i 1903.
Området Westgate hadde tidlegare dei største talet på pubar plassert vegg-i-vegg i England, og Westgate Run er ein kjend pub-til-pub-runde.
Kjende personar frå Wakefield [endre]
- Kenneth Leighton, komponist