Bradjbhakha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bradjbhakha
(andre namn: bradjbhasja, bradj, bridjbhasha, antarbedi, antarvedi, bri, bridju, brudj)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   vestleg hindi
    hindi
Bruk
Tala i: Hovudsakleg India
Område: Uttar Pradesh, Rajasthan, Haryana, Bihar, Madhya Pradesh, Delhi
Bradjbhakhatalande i alt: 44 000 (1997)
Skriftsystem: Devanagari
Offisiell status
Offisielt språk i: India
Språkkodar
ISO 639-2: bra
ISO 639-3: bra

Bradjbhakha er eit vestleg hindispråk som blir tala i store delar av Uttar Pradesh og over grensa i Rajasthan.

Særskilde kjennteikn ved språket er hannkjønnssubstantivendinga /o:/ i nominativ, fleirtalsendingane /an/ og /ani/ (og /õ/) i oblik form, verbendingane /tu/ eller /at/ for perfektiv partisipp og /jau/ eller /au/ for perfektiv partisipp.

Bradjbhakha er rekna som språket til bhaktirørsla i mellomalderen, og har ei rik krisjnadikting frå 1400- til 1700-talet. Den vidkjende diktaren Surdas skreiv på bradj. Amir Khusro skreiv på khariboli med innverknad frå bradjbhakha.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]