Bratsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bratsk
Братск
Byvåpenet til Bratsk
Byvåpenet til Bratsk


Plassering
Bratsk (Russland)
Bratsk
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Irkutsk
Grunnlagd
Bystatus
1631
1955
Borgarmeister Sergei Serebrennikow
Geografi
Flatevidd
 - By

428 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

253 200
  591,6 /km²
Koordinatar 56°07′0″N 101°36′0″EKoordinatar: 56°07′0″N 101°36′0″E
Høgd over havet 450 moh
Tidssone
- Ved sommartid
IRKT (UTC+8)
IRKST (UTC+9)
Diverse annan informasjon
Postnummer 665700–665732
Retningsnummer (tlf) (+7)3953
Nettstad: www.bratsk-city.ru

Bratsk (russisk Братск) er ein by i Irkutsk oblast i Russland. Han ligg på vestsida av det enorme Bratsk-reservoaret i elva Angara, rundt 470 km nordvest for Irkutsk. I 2007 hadde han om lag 250 000 innbyggjarar.

Innhaldsliste

Historie [endre]

Bratsk vart grunnlagt av russiske nybyggjarar i 1631 som ei festning. Fleire tretårn frå 1600-talsfortet er no utstilt på Kolomenskoje-godset i Moskva. Den raske utviklinga til byen starta på midten av 1950-talet med bygginga av det store (4500 MW) vasskraftverket i Angara.

Økonomi og næringsliv [endre]

Bratsk vasskraftverk er den viktigaste næringa i byen. Av øvrig industri i byen finn ein eit aluminumsverk og ein tremassefabrikk.

Miljøproblem [endre]

Bratsk var av Blacksmith Institute sin «Dirty Thirty», dei tretti mest forureina stadane i verda.[1]

Inntil nyleg var Bratsk-reservoaret - som er eit av dei største i verda - drikkevasskjelde for mange nærliggande byar. Men etter at tonnevis av kvikksølv vart funne på botn av reservoaret vart innbyggjarane åtvara og bede om å unngå reservoaret for ein kvar pris. Men på grunn av dei økonomiske problema i Russland vert reservoaret framleis nytta til fiske av hardt pressa lokale innbyggjarar. I følgje Jurij Udodov, leiar for Den føderale økologi-komitéen i Irkutsk oblast, så har dette området «den høgaste utsleppsmengda av metallisk kvikksølv i heile Sibir.»[2] Mengda av kvikksølvforureining i bakken rundt den nærliggande den kjemiske fabrikken Usolje tilsvarar halvparten av den globale produksjonen av kvikksølv i 1992.[3]

Bratsk er erklært ein økologisk katastrofesone. Bratsk aluminiumsverk har forureina omgjevnadane sine i så stor grad at byen Tsjikanovskij vart evakuert i 2001 på grunn av gjentatte helsemessige kriser.[4]

Transport [endre]

Bratsk ligg ved BAM (Bajkal-Amur Magistrale)-jernbanen. Bratsk lufthamn ligg 25 km nord for byen.

Utdanning [endre]

Høgare utdanningsinstitusjonar i byen er Bratsk statlege tekniske universitet og ei avdeling av Irkutsk statlege universitet.

Sjå òg [endre]

Kjelder [endre]