Angarsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Angarsk
Ангарск
Angarskij Prospekt
Angarskij Prospekt
Flagget til Angarsk Byvåpenet til Angarsk
Flagget til Angarsk Byvåpenet til Angarsk


Plassering
Angarsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Irkutsk
Grunnlagd
Bystatus
1948
1951
Borgarmeister Leonid Mikhailov
Geografi
Flatevidd
 - By

209 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

244 100
  1 167,9 /km²
Koordinatar 52°34′0″N 103°55′0″EKoordinatar: 52°34′0″N 103°55′0″E
Høgd over havet 430 moh
Tidssone
- Ved sommartid
IRKT (UTC+8)
IRKST (UTC+9)
Diverse annan informasjon
Postnummer 665800–665841
Retningsnummer (tlf) (+7)3955
Nettstad: www.angarsk-goradm.ru

Angarsk (russisk Анга́рск) er ein by i Irkutsk oblast i Russland. Han ligg ved elva Angara, rundt 40 km nordvest for Irkutsk. I 2007 hadde han om lag 240 000 innbyggjarar.

Angarsk vart grunnlagt i 1948 som ein industriell busetnad og fekk bystatus 30. mai 1951.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Jernbanestasjonen i Angarsk

Næringslivet i Angarsk består av oljeindustri, maskinbygging, metallhandsaming, treforedling, kjemisk industri og petrokjemi. Angarsk har den største industrisonen i den asiatiske delen av Russland. Angarsk er òg ein av hovudbyane i det russiske atomprogrammet.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg ved den transsibirske jernbanen. Innanfor bygrensene består kollektivtransporten av trikk, bussar og rutetaxi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Angarsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]